Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Strandafjellet

Startbua på veg opp mot Roaldshorn på Stranda i Møre og Romsdal manglar ei dør og snøen har festa seg både på tregolvet og oppover veggane. Likevel har lokale eldsjeler sett eit potensiale, både i plasseringa og i bua. No vil dei blåse liv i den igjen – om kommunen seier ja.

Idéen kom opphavleg frå nokon av gutane i Stranda alpint, og kjøkkensjef og konseptansvarlig Anders Adolfsson ved Strandafjellet Skisenter og Stranda hotel, blei gira. Til påske håpar dei å opne det som sannsynlegvis er verdas minste pub – om lag 6 kvadratmeter – med verdas kanskje vakraste utsikt utover fjord og fjell for dei med ski på beina.

– Vi er ein liten stad i verdsklasse, og det har vi tenkt å byggje vidare på, seier Adolfsson.

SJÅ VIDEO NEDERST I SAKA

Intimt og koseleg

– Med litt godvilje har vi kanskje plass til 4-5 gjestar inne, og så får vi litt plass ute. På dager med godvèr må det vere heilt fantastisk å sitte i solveggen og sjå utover, seie Adolfsson. Han står midt i skibakken og den blå jakka går nesten i eit med fjorden og den blå himmelen.

– Når ein er på ferie, skal ein kose seg og ha det kjekt – og god mat og drikke er ein del av totalopplevinga. Det å få mat med ei historie og forankring i det vi har omkring oss, blir nok stadig viktigare, seie han.

Slogen fjord: I verdas minste pub kan du få kjøpt lokalt øl frå blant andre Trollbryggeriet, som held til ein kort fergetur frå Stranda.

Støttar det lokale

Adolfsson fortel at området rundt skianlegget kan by på delikatesser både innan mat og drikke.

– Eg tykkjer området rundt oss er svært spennande. Vi har kanskje Noregs mest fantastiske matfat, seier han. Spekemat, fisk, lam, øl og ost er blant det som skal freiste både nasjonale og internasjonale turistar og gi dei smaken av Sunnmøre.

– Det blir ikkje meir tradisjonelt og norsk enn å få sitte oppe i Startbua, sjå på utsikta og få smake på dette. Det skal vere ein liten kuriositet for at folk skal ha det kjekt, legg svensken til.

Inne får vi kanskje plass til 4 – 5 gjestar
Anders Adolfsson
Satsar på fullt hus: Verdas kanskje minste pub, med verdas vakraste utsikt opnar til påske.

Fire konsept

I tillegg til Startbua, som framleis er på idéstadiet, finst det fire andre konsept på Strandafjellet Skisenter med ulike menyar; Stova, Fjord Panorama Restaurant, Furset Café og Vaffelhytta tilbyr alle gode måltid og smaker omkransa av fantastisk natur.

– Maten er viktig sjølv om du berre skal ha ein vaffel til kakaoen, eller om du vil varme deg på ei god gulasjsuppe. Difor har vi fire konsept, seier han.

– Variasjonen innanfor liten radius synes eg er fantastisk, seie Adolfsson begeistra.

Fakta om Stranda

  • Stranda ligg på Sunnmøre i Møre og Romsdal og har eit innbyggjartal på 4.565 personar (pr. 1. januar 2019).
  • Frå Stranda er det kort veg til kjende attraksjonar som Geiranger, Atlanterhavsvegen, Trollstigen, Jugendstilbyen Ålesund og andre toppattraksjonar på Sunnmøre.
  • Stranda Skisenter vart opna allereie i 1957. Etter omfattande arbeid på 2000-tallet, har anlegget i dag 7 heisar, skiband, barnepark, terrengpark, 18 nedfarter og kanskje Skandinavias beste frikøyringsområde.
  • Langrennsløparar kan glede seg over totalt 25 kilometer preparerte turløyper, i tillegg til eit fantastisk turterreng.
  • På Skisenteret får du smaksopplevingar fire stader – Stova, Fjord Panorama Restaurant, Vaffelstova og Furset Café, som alle har ulike menyar og konsept.
  • Skal du reise til Stranda, kan du flyge til Vigra utanfor Ålesund eller Hovden i Ørsta/​Volda og ta buss eller bil vidare til Strandafjellet. Les meir om å reise hit & rundt i området.
  • Du kan bo på Stranda Hotel, Stranda Feriesenter eller leige hytte hos Visit Stranda. Sjå fleire stader å bo i regionen.
  • Kommunen er rik på flott natur og omfattar områdane omkring dei indre delane av Storfjorden, Sunnylvsfjorden og Geiranger, i tillegg til fjelltraktene rundt. Sjå fleire vinteropplevingar på Sunnmøre. 

Anders' beste tips for opplevingar på Sunnmøre

– Når ein bur i dette området er det kjekt å vere i fjellet, både sommar og vinter. Å dra ut på fjorden og padle, fiske eller ta ein tur ut til kysten – til Ålesund, Runde, Vigra eller Alnes – er òg fint. Berre det å vere ute. Moglegheitane her i området synes eg er fantastiske, tipsar Adolfsson.

(Artikkelen fortsetter under bildene/​annonsene)

Opplev mer

Se flere opplevelser

VIDEO: Sjå Anders fortelle om verdas minste pub

Slik finn du Stranda