Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Rovde Kyrkje

© Jermund Rekkedal
05/11/2018

Kyrkjescenene i NRK sin dramaserie "Vaffelhjarte" basert på Vanylvingen Maria Parr sin roman med same namn er spelt inn på Rovdestranda. Regissør Atle Knudsen seier at kyrkja på Rovde blei valt først og fremst fordi ho er så vakker. Mykje bygdefolk og fleire også frå grannebygdene stilte opp som statistar til TV-opptak i kyrkja på Rovde. Serien startar på NRK super fredag den 14.10.

" I Bondens sind står kirken på et høyt Sted" seier Bjørnson. Også bokstaveleg gjer Rovde kyrkje nettopp det. Kyrkja ligg på Rovdestranda i Vanylven på Sunnmøre. Ho vart bygd av byggmeister Lars Tornæs frå Ålesund i 1872. Slik kyrkja framstår i dag er det den tredje kyrkja ein kjenner til akkurat på denne staden. Så tidleg som på 1300-talet finn ein Raudvinjar kirkja omtala i skrifter. Ho var truleg frå tidleg kristen tid.

Vanylvingane gleda seg til at den flotte kyrkja på Rovde vert vist fram for heile Norge i gjennom serien "Vaffelhjarte". I tilegg er ein sjølvsagt utruleg stolte over at det er Vanylvingen Maria Parr som har skreve boka som er grunnlaget til denne serien. Serien vil gje eit innblikk i Sunnmørsk alvor og skjemt og ha ein appell både for ung og gamal. Kanskje er dette ein smak på "det gode liv" og "dei nære ting"? Det kan ein sjølv bedømme ved å sjå serien på NRK Super.

Se mer: Attraksjoner i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Vanylven / Rovde