Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Elskar ukjend verdsarv

Raul og Alicia frå Spania hadde planlagt å sjå Noregs fjordar frå eit cruiseskip. I staden vart det cruise for to i uforstyrra verdsarv.

Ekteparet frå Spania planla eigentleg å sjå fjordane i Noreg frå eit cruiseskip. Men etter at dei vann ein konkurranse, vart noregsbesøket lagt til Valldal og Juvet Landskapshotell. Valldal er inngangsporten til den mektige Tafjorden, som lik den langt meir berømte nabofjorden inn til Geiranger står på Unesco si verdsarvliste.

Medan Geiranger med sine mektige fossefall, stupbratte fjellsider og legendariske fjordgardar årleg blir besøkt av meir enn 700.000 turistar, er Tafjorden ei meir skjult perle. Her kan du vandre i fjella eller padle din eigen kajakk og oppleve det mektige fjordlandskapet, dyrelivet og fossefalla på nært hald - nesten heilt aleine.

kajakkturister i valldal
Klar for kajakk og fjelltur, frå venstre: David frå Sveits, guide Hanna frå Sverige, Alicia og Raul frå Spania. (Foto: Oddgeir Visnes)

Fascinert av stilla, fargane, maten - og været

– Dette er første gongen vi er i Noreg. Det er så vakkert! Grønfarga er uverkeleg, og både fossane og vêret er svært, svært fint. Eg er overraska!

Raul og Alicia vann turen til Valldal i ein konkurranse der spørsmålet var kvar den britiske science fiction-thrilleren Ex Machina vart spela inn. Premien var ein firedagars tur til Noreg og Juvet Landskapshotell i Valldal i Møre og Romsdal, som var location for delar av filmen. Ein del av premien var ein dag med guida kajakk- og fjelltur gjennom selskapet Valldal Naturopplevingar.

– Det var så vakkert å dra ut med kajakk. Vatnet var roleg og det var heilt stille. Det var fantastisk. Det er den beste delen; stilla og den rolege sjøen. Du føler deg utruleg liten mellom desse enorme fjella. Det er praktfullt. Fjellturen var tung, og vi kom oss ikkje heilt opp. Men lunsjen var flott. Vi åt lunsj av lokale råvarer rett ved sida av ein fjellgard, og utsikta var fantastisk!

Vi elskar stilla, fargane, den lokale maten - og været.
kajakktur i valldal
Vi elskar stilla, fargane, den lokale maten — og været. (Foto: Oddgeir Visnes)

Den ukjende UNESCOfjorden

At ein tur i kajakk er måten å oppleve Valldal og Tafjorden meiner også Erlend Ringstad, guide og dagleg leiar for Valldal Naturopplevingar. Han kjenner området betre enn dei fleste, og meiner stilla og roa er blant områdets fremste kvalitetar. Den roa er særleg tydeleg når ein er ute og padlar.

– Det som er så fint med området her, er at det er så stille og roleg. Det er midt i smørauget, midt mellom kjende stader og attraksjonar som Geiranger, Trollstigen, Åndalsnes og Ålesund, men det er ikkje mykje folk. På fjorden er det berre oss som er ute og padlar. Det er ingen cruiseskip, ribbåtar eller andre forstyrrande element. I tillegg har du verdsarvfjorden Tafjord, som er veldig ukjend og som nesten ingen veit om, men som ligg inne i fjorden her, heilt for seg sjølv.

Ukjend verdsarv: Tafjorden i Møre og Romsdal er nærmaste nabo til den langt meir kjende Geirangerfjorden.
(Artikkelen fortsetter under bildene/​annonsene)

Opplev mer

Se flere opplevelser

Store naturopplevingar frå kajakken

Den stille fjorden er ikkje det einaste du kan oppleve i ein kajakk. Ein tur på fjorden kan også by på urørt natur og eit levande dyreliv.

– Det er ei fantastisk og unik oppleving å padle innover der ein ettermiddag og oppleve roa, og sjå havørna komme flygande over deg og nisa i fjorden, fortel Ringstad.

Erlend, valldal naturopplevingar
Midt i smørauget: Erlend Ringstad, dagleg leiar i Valldal Naturopplevingar. (Foto: Oddgeir Visnes)

Erlends tre favorittar

Padletur frå Valldal og inn i Tafjorden: Ta deg ein tur med kajakk fra Valldal og inn i Tafjorden. Benytt deg gjerne av ein guide, og nyt roa og freden på fjorden.

Vikasætra : Kombiner ein kajakktur med ein fjelltur. Padle tvers over fjorden til Fjøra, og ta turen opp på Vikasætra som ligg oppe i fjellsida på sørsida av Tafjorden.

Trollstigen: På vinterstid bør du benytte moglegheita til å sjå Trollstigen utan alle turistane. Gå opp Trollstigen på ski, og ta eventuelt turen vidare opp på ein av dei omliggande toppane. 

Lær å padle i Valldal

Raul og Alicia var positivt overraska over kor enkelt det var å handtere ein kajakk.

– Å padle ein kajakk var enklare enn eg trudde. Det var veldig gøy!

Dersom du også vil lære å padle, er det mange moglegheiter for det i Valldal. Valldal Naturopplevingar tilbyr fleire kurs for nybyrjarar, og for den som allereie har noko erfaring.

– Om du lurer på om padling er noko for deg, er det fint å begynne med eit introduksjonskurs hav. Det er eit firetimarskurs der du får ei innføring i havpadling, fortel Olea Jonsdottir Flø, guide og kajakkinstruktør i Valldal Naturopplevingar.

Kurset gir deg ei innføring i korleis ein manøvrerer seg inn og ut av ein kajakk på ein trygg måte og så lærer ein god padleteknikk. Det blir også undervist i kameratredning, slik at ein er kjent med kva ein gjer dersom ein skulle vere uheldig å velte.

– Har du padla litt frå før, eller ønskjer ei grundigare innføring i kajakking, kan eit grunnkurs være noko for deg. Det er eit kurs der ein går meir i djubda i padleteknikk, seier Flø. Kurset er på seksten timar, fordelt på to eller fire dagar.

Kyndige instruktørar: Guide og instruktør Olea Jonsdottir Flø er berre 23 år, har vore kajakkinstruktør i 9 år, og er to gonger juniornorgesmeister i kajakkrulle.

Mange padleruter

– I Valldal har vi mange fine padlemoglegheiter. Vi legg ut frå Valldal sentrum, og her er det mogleg å padle innover Tafjorden, inn til Fjøra og eller kanskje krysse fjorden over til Osvika og Kvernhusneset. Ein kan også dra på fjellturar på andre sida av fjorden dersom ein ønskjer det, fortel Flø.

bildetibe
Jordbærbygda: I Valldal er det blitt dyrka jordbær i over hundre år. (Foto: Oddgeir Visnes)

Lokalprodusert mat og jordbær

Både Raul og Alicia sett pris på at dei får smake lokale spesialitetar når dei besøker området.

– Både på hotellet og her på kajakktur, likte vi svært godt at vi fekk lokalmat. Ein bør servere lokalprodusert mat, og promotere det som er lokalt og unikt for området. Det gjer dei på hotellet, og det gjorde dei her på kajakktur, og det var svært, svært godt.

Paret trekk spesielt fram bæra som Valldal er kjent for.

- Vi vart fortalt at jordbæra og bringebæra her er fantastiske, og det er dei!

I dalføra i Valldal er det blitt dyrka jordbær i over hundre år. Dei lange lyse dagane, og det gode klimaet gir lang modning og ekstra søte bær. Langs vegen er det mange små utsalsstader der du kan stoppe og kjøpe lokalt dyrka bær - rett fra åkeren.

Populært tilbod: I Meretes Garden søv du i telt, deltar på morgenyoga i drivhuset og finn roa i den vedfyrte saunaen.

Fann roa i Meretes Garden

Sjølv om mykje av turen har gått med til ulike naturopplevingar, har paret også funne tid til avslapping og ro.

– I går var vi hos Merete i Meretes Garden, og fekk massasje. Det var herleg og veldig avslappande. Vi skulle kanskje planlagt det slik at vi tok turane i dag og massasjen i morgon, men det var ein flott massasje, fortel det spanske paret.

Meretes Garden er eit yoga-, spa- og retreatsenter som er dreve av Merete Myklebust. I området er det anlagt fleire hagar, og under opphaldet overnattar gjestane ute i telt.

– Her har eg hatt overnatting i fire år, og det er blitt svært populært. Telta er vanntette, men pustar godt, slik at du heile natta får friskluft. I telta er det gode senger med dundyner og ulltepper. Om natta kan du høre elva renne forbi utanfor teltet, og om morgonen blir du vekt av fuglesong. Her kjem du tett på naturen, fortel Merete.

På dagtid kan du delta på morgenyoga i drivhuset eller få deg ein massasje. Om sommaren arrangerer Merete også Valldal Yogafestival. 13. - 14. juli blir det undervist i ulike typar yoga heile dagen, før kvelden blir avslutta med nattsauna i den vedfyrte saunaen.

Godt fornøgde

Raul og Alicia var godt fornøgde med opphaldet i Noreg og anbefaler også andre å reise til Valldal og nytte seg av det området har å by på.

- Turen vår til Noreg var fantastisk! Vi likte både naturen, maten og menneska. Noreg og Valldal var vakkert, og aktivitetane vi var med på var spennande. Hit bør folk reise!

Ønskjer du å besøke Valldal?


Sjå forslag til overnatting i nærleiken av Valldal (lenke til vis​i​tale​sund​.com)

Sjå forslag til ting å gjere i nærleiken av Valldal (lenke til vis​i​tale​sund​.com)