Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Ulstein kommune

© Madeleine P.
© Madeleine P.
© Madeleine P.
© Jimmy Kieffer
© Madeleine P.
© madeleine p.
© Madeleine P.
© Asbjørg Garshol
22/04/2020

Ulstein kommune ligg på Hareidslandet, og er ein øykommune som består av mange øyar og holmar. Ulstein kommune har om lag 8400 innbyggarar og er ein pulserande småby med eit rike av kontrastar i pakt med naturen. Gjennom stor byggeaktivitet og utvikling har Ulstein klart å utvikle seg til å bli eit handels- og servicesentrum for regionen Søre Sunnmøre. Ulsteinvik fekk bystatus i 2000. I 2009 fekk Ulsteinvik statens pris for mest attraktiv stad.

Ulstein er levande og i stadig utvikling. Sentrum har ei ny og vakker og sjønær sentrumsgate med fleire skulpturar. I Ulstein finn du eit mangfald av tilbod innan shopping, kultur samt varierte naturopplevingar i fjell og fjøre. Her er fleire sentrumsnære parker. Til dømes Saunesparken med minigolf, beachvolley, leike-og fotballplass. Store Vikholmen skatepark er også ein av dei nye parkane.

Det dramatiske landskapet i Ulstein er forma av hav og is til eit utprega strandflatelandskap, med langgrunne strender, flate lavlandsbremmar og bratte fjellsider. Med Atlanterhavet i vest utgjer Ulstein ein naturleg innfallsport til fjordane i aust. Lengst ut mot havet ligg Flø, med sine langstrekte steinstrender under stupbratte fjell. Mange varierte turar er å finne for alle naturglade, store som små.

Aktivitetane er mange. Fisking, surfing, klatring/buldring, båtliv og fotografering mm.

Kommunen har stor spennvidde og variasjon innan naturtypar og plante- og dyreartar. Floraen omfattar mellom 600 og 700 ulike plantar, frå dei mest varmekjære til artar som klorar seg fast på værslitte fjelltoppar og strender. Fuglelivet er også variert i Ulstein, med 226 artar, der 123 er påvist hekkande. Eklogitt er ein sentral bergart i Ulstein.

Borgarøya i skjærgarden utanfor Ulstein var ein yrande handelsstad på 1600-talet og vert i dag brukt som naturleg ankringsplass ved segling mellom dei mange øyane og holmane.

Ulstein er eit paradis for den som vil nyte fruktene frå havet - å sitte på Flø og sjå sola smelte samen med havet ein sein sommarkveld er ei utruleg vakker oppleving!

Eit fleirtal festivalar livar kvart år ekstra opp i Ulstein kommune. Smak av Ulstein er ein av desse og har som mål å vere aktive og glade dagar for innbyggarane og tilreisande. Kor, korps, revygrupper, idrettslag og mange fleire står bak eit mangfald av små og store arrangement denne veka i juni.

Velkomen!

Se mer: Sted i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Ulstein / Ulsteinvik