Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Med Coast Safari til fugleøya Runde

Sjøgata 10
© Coast Safari
© Coast Safari

Åpningstider

juli 12, 2021 - aug. 01, 2021

Priser

  • Billetter Ungdom (12-15 år)
    NOK 490,00
  • Voksne (fra 16 år)
    NOK 690,00
17/06/2021

Turen startar ved havna til Quality Hotel Ulstein i Ulsteinvik. Etter ein safety-brief går vi om bord i RIB-båten som tek oss med på ein nydeleg sightseeing mellom idylliske holmar og skjer på veg til Grasøyane Fyr og selkolonien ved Grasøyane. Er vi heldige får vi sjå selane som solar seg på svaberga eller sym i sjøen rundt holmane der, og deretter går turen til Runde. Vi passerer Runde Fyr på veg til fuglefjellet, og her håper vi på å få sjå både den fargerike lundefuglen, havsuler, lomvi, havhest og krykkjer. Ved fjellet ligg vi i ro og nyt synet og den overveldande lyden av fuglelivet rundt oss. Frå Runde går turen direkte tilbake til Ulsteinvik.

Inkludert i prisen er varmedress, briller og guiding.
Ta med tynn lue/panneband og hansker, god sko (gjerne vanntette).

NB! Husk kikkert og fotoapparat!

Se mer: Aktiviteter i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Ulstein / Ulsteinvik