Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk
Pianist Aksel Kolstad på sunnmørsturne september 2020

Møt musikkens Tarantino

Han er omtala som Quentin Tarantino av klassisk musikk av Time Magazine. Aksel Kolstad spelar konsertar på do, har posert naken i sølvmaling — og held gjerne standup-show mellom Bach og Beethoven. I september kjem den surfande pianisten på turné til Sunnmøre.

Ein ting er sikkert, etter ein konsert med Kolstad er alle fan av klassisk musikk. Han har spela konsertar verda over, til utallige gode omtalar. I byrjinga av september kan du oppleve den fargerike og urbane pianisten saman med vener blant fjordar og fjell. Den anerkjende komponisten byr på ei rekke unike konsertopplevingar når han gjestar Sunnmøre. Sjå heile programmet nederst i saka.

Ein klassisk rebell

Den 39 år gamle musikkaren har komponert og spelt piano sidan han kunne sitte. Musikk har vært ein viktig del av oppveksten hans, og han starta med pianotimar allereie som fireåring. Sidan den gong har han vorte kjend som ein som får sprø og fantasifulle idear til å kome til livet.

Foto: Jörg Wiesner/​Den Norske Opera & Ballett.

Kolstad har alltid vore spesielt glad i eventyr, og evna hans til og gjere ein konsert om til ei magisk forteljing er noko av det som imponerar publikum mest. Han elskar å improvisere live og omtalast som ein klassisk rebell som forsøka å gjere en kulturell revolusjon. Kolstads unike måte å kombinere musikk med overraskande elementar og ein god dose humor har imponert publikum over heile verda.

Musikk tilpassa smaken av sjokolade

Den unike miniturneen startar torsdag 3. september i verdsarvfjorden Geiranger, meir bestemt i naustet hos Geiranger Sjokolade. Her blir det eksklusiv sjokoladesmaking, akkompagnert med klassisk musikk. Sjokoladen frå naustet er prisbelønt, og nokon av variantane man finn her har ingrediensar som den verdskjende osten Kraftkar frå Tingvoll, og det heilnorske nasjonalpålegget brunost. Ja, og musikken er naturlegvis tilpassa smaken av sjokolade.

Sjå Bengt Dahlgren fortelje om Geiranger sjokolade

Klassisk musikk for alle

Fredag 4. september spelar Kolstad saman med Stine Hole Ulla for ansatte og beboarar på alders- og sjukeheimane på Hellesylt, Stranda og Sykkylven.

Laurdag 5. september startar Kolstad med barnekonserten «Aksel & Amadeus» i Storfjord Kulturhus kl 13:00. Familieframsyninga egnar seg aller best for born i alderen 7-13 år og blir ei uforglemeleg oppleving. Kolstad er kjend for å imponere i alle aldrar og overraskar alltid med ei god dose humor.

Quentin Tarantino of classical music
TIME Magazine

Ein smeltedigel av opplevingar

På Fjellgarden Øvre Ljøen lørdag 5. september er det duka for miniturneen sitt største høgdepunkt. Den unike utescena har eit naturlig amfi i fjellsida, og ligg idyllisk til med utsikt over Geirangerfjorden og dramatiske fjellsider. Dette set eit særprega bakteppet for ei unik konsertoppleving.

Kolstad skapar magisk stemning saman med sin gjest Stine Hole Ulla, vinnar av Norske talenter. Michael Charlotte fra Koala Queen gjestar og scenen med sit eige soloprosjekt. Dette blir eit rått musikalsk eventyr med, noko av det mest spektakulære frå Norsk natur som bakgrunn.

Etter konserten blir det musikk av DJ Biggs, og publikum vil få mogelegheit til å møte Aksel, Stine og Michael. Det blir og servert pølse og lompe frå Ole Ringdal i kjend Aksel Kolstad-stil.

Konserten startar kl 18.00. Billettpris: 490,- Bestill billett her

Utsikt fra Øvre Ljøen, Bonseye, mot Geirangerfjorden.
Laurdag 5. september kan du oppleve konsert på Øvre Ljøen med den verdsberømte Geirangerfjorden som kulisse. (Foto: Oddgeir Visnes)

Surfande pianist og hemmeleg gjest

Søndag 6. september kan ein følgje den anerkjende pianisten på SUP (stand up paddleboard) saman med Uteguiden. Her vil det og være med ein hemmeleg gjest. Kolstad byr på minikonsert på Teaterfabrikken i Ålesund etterpå, kor det vert servert lokale smaksopplevingar frå Skarbøcider og Storfjordiskrem.

Arrangementet startar kl. 14:00. (Avgrensa antall: 20 billettar kan bestilles igjennom Uteguiden)

”Café de concert”

Café de Concert har blitt atelieren og konsertgalleriet til den unge og multitalenta pianisten og komponisten Aksel Kolstad. I ti år har han jobba med konseptet, som har blitt eit av dei mest originale og nyskapande klassiske konsepta i verda. Kolstad sitt ønske med Café de Consert var å presentere klassisk musikk for eit større publikum, i ei meir avslappa og uformell atmosfære.

Søndag 6. september kl. 18:00 kan du oppleve en intim «Café de concert» på Teaterfabrikken i Ålesund.

Billettpris: 250,- Bestill her

Se flere

Populær blant elevar

Multikunstnaren avsluttar turneen med å halde foredrag for elevar og lærarar ved kulturskulane i Skodje, Stranda og Sykkylven og for musikkelevane ved Fagerlia vidaregåande skule. Noko han har hatt stor suksess med tidlegare.

Elevene digget det og sa det var det råeste foredraget ever, og de mest erfarne lærerne sa det var det beste de hadde hørt noen gang.
Even Stunes, lærer/​seksjonsleder, Kirkenes videregående skole

Program for miniturné


Torsdag 3. september

Kl. 20.00 Musikalsk sjokoladesmaking hos Geiranger Sjokolade

Fredag 4. september
Underholdning for alders- og sjukeheimane på Hellesylt, Stranda og Sykkylven

Laurdag 5. september
Kl. 13:00 Barnekonsert i Storfjord Kulturhus
Kl. 18:00 Hovedkonsert på Øvre Ljøen

Søndag 6. september
Kl. 14:00 SUP og minikonsert med hemmeleg gjest
Kl. 18:00 Intimkonsert med Cafe de concert” på Teaterfabrikken

Måndag 7. og Tysdag 8. september
Aksel Kolstad helde foredrag for kulturskulane i Skodje, Stranda og Sykkylven og musikklinjen ved Fagerlia VGS

Les meir om den anerkjente pianisten her.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse.
Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjonskapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjepartsinformasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner. Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.