Vinsåshornet
Hole Hytteutleige - Grinddalssætra - Vinsåshornet - Grinddalssætra- Hole Hytteutleige
Turen byr på imponerande panoramautsikt over Geirangerfjorden.
Turbeskrivelse:
Turen startar frå Hole Hytteuleige i Geiranger. Her kan vere vanskeleg å få parkert, så spør i resepsjonen ved hyttene kvar du kan setje bilen.
Ein går grusvegen mot Vesterås, men svingar av på traktorveg mot høgre straks etter hyttene på Hole. Vegen deler seg igjen ved ei grind, og ein tek til venstre. Deretter fylgjer ein grusvegen. Etter nokre svingar er det skilta til venstre mot Holebakk. Vel ein denne ruta, får ein og med bruket Holebakk og minnetavla som er reist der etter snøraset i 1907 som krevde 10 menneskeliv.
Ein kan rekne om lag 45 minutt på grusvegen før ein kjem over på ei svært god rås. Nokre få utsynspunkt har bratte skrentar mot elva frå Vesteråsdalen.
Turen til Grinddalssætra tek nye 45 minutt, og frå dei bratte liene kring Geirangerbygda kjem opp i ein idyllisk, flat fjelldal. Ein fin tur for barnefamiliar. På sæterstølen står eit retningsskilt med namn og høgd på toppane i nærleiken.
Her kan ein ta kursen mot Vinsåshornet, den markerte toppen på sørsida av dalmunningen. Ein fylgjer råsa vidare frå stølen og oppover dalen. Elvekryssing på solid bru etter om lag 500 m. Merkt turrute skråar innover dalen og oppover fjellsida mot det lågaste punktet på ryggen til Vinsåshornet. På ruta kan ein og oppleve restar etter fleire bogestøer og dyregraver. Oppe i skaret fylgjer ein høgda nordvest til sjølve toppen (1343 m.o.h). Her har ein panoramautsikt mot Geirangerfjorden!
Ei meir krevjande rute mot toppen går på framsida av Vinsåshornet. Også denne ruta er merkt, men råsa er ikkje så tydeleg alle stadar. Litt småkliving siste delen. Ruta krev fjellvande folk!
(Kjelde: Opptur Geirangerfjorden).
Se mer: Aktiviteter i Møre og Romsdal
Møre & Romsdal / Stranda / Geiranger
Les mer — historier fra Møre og Romsdal — Vår
-
Møt Bamse-Brita, rampen Oliver og Linus Martinus
Skal du på norgesferie med barn i sommer er besøksgården Hakallegarden en opplevelse for alle. Her kan du møte Bamse-Brita, skotske Bjørg og rampen…
-
Kongen av Romsdalen
Rauma er kjent for høye tinder, heftige Trollstigen, luftige Romsdalseggen og TV-serien Kompani Lauritzen. Snart åpnes en helt ny attraksjon, til en…
-
Er du like sprek som “Norges tøffeste kjendis”?
Årets sesong har hatt kyst-Norge i fokus, og startet i Møre og Romsdal. Prøv deg på en av etappene fra Geiranger, eller greier du alle tre?
-
Toppturfolkets favoritter
I tillegg til at Møre og Romsdal er snøsikker, er vinteren lang. Topptursesongen starter ofte lenge før de første julegavene er pakket opp, og varer…
-
Badeglede i sentrum
Blomstergaver og spente badenymfer sto klar da Bybadet i Ålesund åpnet dørene tirsdag 19. januar. Den nye badeanlegget har lenge vært etterlengta i…