Vandretur til Storsæterfossen
Turen til den populære Storsæterfossen, der stien faktisk går bak sjølve fossen, er ei av dei mest brukte vandrerutene i Geiranger. Det er køyreveg til garden Vesterås (320 m.o.h.) etter smal grusveg. Nærmeste parkering er ved hovedveien ved Hole.
Turen startar frå Vesterås, og ein har to ruter å velje mellom i starten. Enten følgjer ein grusvegen 50 meter tilbake forbi utleigehyttene som ligg på venstre hand, og tek av på traktorvegen som leiar oppgjennom slåttemarka. Traktorvegen leiar fram til ei grind i skogkanten. Du passerar gjennom grinda og kjem inn på ein godt opparbeidd, steinlagt sti med hundrevis av trappeavsatsar laga av sherpaer frå Nepal og ferdigstilt i 2014.
Den andre ruta går opp langs driftsbygningen i enden av grusveg. Denne stien er ikkje steinsett, men er kortare og brattare. 100 høgdemeter høgare oppe i lia kjem den inn på den breie, gode sherpaopparbeidde stien som førar heilt fram til Storseterfossen.
Det er eit fint grasplatå (540 m.o.h.) rett over fossen og ei sikra rås går ned til høgre og innunder det flotte fossefallet. Ver varsam på våte, glatte parti.
Turen frå Vesterås til Storsæterfossen tek 45-60 minutt ein veg.
ELEKTRISK SYKEL og TUR-alternativ:
Ofte kan parkeringsplassen på Vesterås være full, så et godt alternativ er å reise opp fra byen med ebike - en enkel og morsom måte å reise uten å bruke mye energi. Så kan du selvfølgelig også gli tilbake til byen etter turen. Sjekk ut alternativet ebike og fottur her
Møre & Romsdal / Stranda / Geiranger
Bli bedre kjent med Møre og Romsdal — Vår
-
Toppturfolkets favoritter
Utforsk det spektakulære fjordlandskapet, og den uberørte naturen på Vestlandet. Her får du toppturfolkets favoritter!
-
Jugendstilbyen på Vestlandet
Vakre Ålesund byr på lokale råvarer, kultur, attraksjonar og unik arkitektur — anten du skal på helgetur med kjærasten, vener eller om du vil ha litt…
-
Byen med fire land
Du har kanskje hørt gjetord om klippfisk og opera, men byen ytterst ved Atlanterhavet har mer å by på enn salt fisk og klassiske toner.
-
Barnas Møre og Romsdal
Bli med på en spennende oppdagelsesferd i Møre og Romsdal. Badeland, besøksgårder, klatring, fjelltur eller zipline – her er våre beste tips til…
-
Med hengekøye i Møre og Romsdal
Her kan du slappe av til fjordutsikt i verdensklasse. Hengekøye har gjort et kanoncomeback og blitt mer populær enn noen gang. Her er de beste…