Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Urkeegga

© Fjord Nature

Priser

  • Pr.person
    NOK 1190,00
21/03/2021

Bli med på ein spektakulær fjelltur på Urkeegga og nyt fjordutsikta i hengekøye! På toppen er det ein gapahuk med hengekøyefester. Guiden har med hengekøyer som du kan henge opp, ta eit pust i bakken og poste dei beste bilda til sosiale medier.

Denne turen passar for deg som har gått i fjellet før, og ønsker ein spektakulær fjelltur utan nokre store farer. Det er ikkje så bratt at ein trenger tau og sikring, men det er kan være luftig enkelte parti.

Vi startar rett ved hurtigbåtkaia på Urke. Her blir vi kjent og går igjennom turen. Deretter køyrer vi minibuss opp til dit turen startar. Dette er om lag 5 minutt.

Turen går på sti i relativt bratt terreng. Her er det raske høgdemeter, så ein bør være vandt med å gå i ulendt terreng. Allerede etter 15 minutt begynner det å bli spektakulær utsikt. Når vi kjem over bjørkeskogen opnar det seg opp og ein kan sjå eit fantastisk skue over Sunnmørsalpene og Hjørundfjorden. Vi går ryggen innover i samme fjellparti som Slogen. Det er spektakulære fjell på alle sider, og stupbratt ned i fjorden. Etter ca 2 timar kjem vi fram til Egilbu, ein nylig bygd gapahuk. Her tar vi eit pust i bakken, henger opp hengekøyer og nyter den spektakulære utsikta. Vi fortsetter deretter innover ryggen og går ned dalen på andre sida og til parkeringen. Det er også mulig å gå samme veg tilbake.

Inkludert

-Lokal naturguide

-Hengekøye

-Enkel smak av Sunnmøre

Ta med

-Kle deg etter været

-Drikke/mat til fjelltur

-Tursekk

-Gode sko

-Caps/solbriller

-Kamera

Se mer: Aktiviteter i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Stranda / Hellesylt