Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Skibuss frå Ålesund til Strandafjellet

© IngerTrans
14/12/2020

Det går skibuss frå Ålesund til Strandafjellet kvar helg i skisesongen.

Saman med det lokale transportfirmaet Ingers Trans tilbyr vi skibuss frå Ålesund til Strandafjellet kvar helg.

Bussen startar på rutebilsentralen i Ålesund kl 0830, og følger Borgundvegen til Moa Bussterminal før den fortset mot Magerholm, Sykkylven og kjem til Strandafjellet kl 1000. Retur frå fjellet er med rutebuss frå Nettbuss. Denne har avgang fra Strandafjellet kl 1700. Varmestova vil vere open frå kl 1600 og fram til bussavgang.

Du kan ringe 40 45 13 33 for å reservere plass på skibussen innover.

Rutetider:
Ålesund Rutebilstasjon kl 0830
(via Borgundvegen-Nørvegata-Høgskolen, Gåseid-Hatlane-Åse (ikkje Sjukehuset))
Moa Bussterminal kl 0850
Magerholm kl 0910
Sykkylven/ Aure kl 0930
Strandafjellet Skisenter kl 1000.

Retur:
Frå Strandafjellet kl 1700. Varmestua er open til kl 1700 så ein kan site der å vente på bussen.

Priser:
For å gjere dette så billeg som mulig har vi valgt å nytte oss av rutebuss frå Nettbuss på retur fra Strandafjellet. Dette gjer at det er ein pris til og ein anna pris frå fjellet.

Fra Ålesund til Strandafjellet:
Ved påstiging Ålesund-Magerholm kr 130,-
Ved påstiging Sykkylven Sentrum kr 90,-
Fergebillett er inkludert.

Fra Strandafjellet til Ålesund med Ungdomskort:
Gratis.

Fra Strandafjellet til Ålesund uten Ungdomskort:
Ved avstiging Ålesund kr 71,- (born) 95,- (skole) 142,- (vaksen) inkl. ferge.

Det løysast altså IKKJE tur/retur billett til og frå Strandafjellet.

Se mer: Transport i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Stranda /