Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Skarbø Gard

© Skarbø Gard
© Skarbø Gard
© Skarbø Gard
© Skarbø Gard
© Skarbø Gard
© Skarbø Gard
© Skarbø Gard
© Skarbø Gard
© Skarbø Gard
© Skarbø Gard

Åpningstider

juli 30, 2021 - aug. 14, 2021

28/07/2021

Med den gode, ferske mjølka frå kyrne våre ystar vi smakfulle, prisvinnande ostar. Mjølka er upasteurisert, og osten får dermed ein heilt unik aroma som speglar den frodige naturen som omsluttar oss.

Sideren lagar vi av saftige eple frå eigen frukthage og hagane til kjekke naboar. Den friske og perlande drikken har hausta lovord frå mange hald. Vil du smake?

Besøk Skarbø Gard og ver med på omvising i tunet, med ysteri, sideri og gardsbutikk. Vi vandrar i eit levande kulturlandskap med bygningar frå 1600-talet og fram til i dag, og de får eit innblikk både i historia og dagens drift. Det bur både kattar, høner, kyr og kalvar på garden, og vi helsar gjerne på dei på vegen. Litt prøvesmaking høyrer sjølvsagt med. Du kan tinge plass her.

På dei same dagane i sommar vert det også Sidersmaking med ost- og skinketapas på Skinkerådhuset, det staselege huset i hjartet av bygda vår. Kom og nyt det beste frå Stranda Meir info og booking på finn du her.

Se mer: Forretninger-Service i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Stranda / Stranda