Skageflå
Fjordgarden Skageflå har for mange ein heilt spesiell aura ikring seg. Det vesle bruket 250 stupbratte meter over Geirangerfjorden har blitt sjølve symbolet på hyllegardane og strandsitjargardane.
I dag skulle ein ikkje tru at dette ein gong var rekna nærast for ein storgard i lokalmiljøet, men på det meste fôra dei kring 120 mjølkegeiter her, og hadde i tillegg 20-30 sauer, 6-8 kyr og 1 hest!
Skageflå vart fråflytta i 1916, men det vart slått her oppe heilt til slutten på 1960-talet, og høyet vart frakta på løypestreng ned til fjorden og rodd over til Grande eller inn til Homlong.
Vår eiga dronning Sonja har eit særskilt forhold til staden, etter å ha vitja den fleire gonger. Her feira Dronninga og Kongen sølvbryllaupet sitt i 1993 saman med gjestar frå alle dei europeiske kongehusa. Sommaren 2006 var Skageflå igjen arena for storstilt markering. Den nyvunne verdsarvstatusen vart feira, og dronning Sonja avduka ein særskild plakett her oppe.
Snaraste vegen til Skageflå er med båt ut fjorden frå Geiranger. I Skagehola hoppar ein land og tek fatt på råsa som smyg seg opp fjellsida. Terrenget er særs bratt, men på dei mest utsette partia er det hogd trinn i fjellet, og råsa er sikra med rekkverk. Dette er ein mykje brukt tur, også av barnefamilar. Mindre born bør likevel ikkje få gå åleine.
Flotte utsiktspunkt undervegs, og reint majestetisk oppe på garden med utsikt over Geirangerfjorden og fossefalla Dei sju systrer og garden Knivsflå på den andre sida av fjorden. Turen opp tek ca. 1 time.
Den opphavlege råsa opp til Skageflå var på langt nær så sikra og tilrettelagd som i dag. I 1855 vart det minert ut ei skråhylle i fjellveggen, men før dette trong ein stige for å kome opp. På den tida reiste og futen ikring på gardane og kravde inn skatten. På Skageflå var bonden snar med å drage opp stigen når futen kom, og øvrigheita måtte gjere vendereis.
Møre & Romsdal / Stranda / Geiranger
Bli bedre kjent med Møre og Romsdal — Vår
-
Toppturfolkets favoritter
Utforsk det spektakulære fjordlandskapet, og den uberørte naturen på Vestlandet. Her får du toppturfolkets favoritter!
-
Jugendstilbyen på Vestlandet
Vakre Ålesund byr på lokale råvarer, kultur, attraksjonar og unik arkitektur — anten du skal på helgetur med kjærasten, vener eller om du vil ha litt…
-
Byen med fire land
Du har kanskje hørt gjetord om klippfisk og opera, men byen ytterst ved Atlanterhavet har mer å by på enn salt fisk og klassiske toner.
-
Barnas Møre og Romsdal
Bli med på en spennende oppdagelsesferd i Møre og Romsdal. Badeland, besøksgårder, klatring, fjelltur eller zipline – her er våre beste tips til…
-
Med hengekøye i Møre og Romsdal
Her kan du slappe av til fjordutsikt i verdensklasse. Hengekøye har gjort et kanoncomeback og blitt mer populær enn noen gang. Her er de beste…