Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Paviljong Roalden-mat til fjells

© RawReklame&Foto
© Stranda Skisenter
© DGT/Ove Skylstad
© DGT/Ove Skylstad

Åpningstider

aug. 22, 2016 - okt. 16, 2016

Lørdag, Søndag: 10.00-17.00

Priser

  • Voksen
    NOK 250,00
  • Honnør/student
    NOK 175,00
23/06/2020

I enden av gondolbana på Strandafjellet finn du restauranten Paviljong Roalden på 1042 moh.

Herfrå har du utsikt direkte ned til den mektige Storfjorden og dei omliggande Sunnmørsalpane, inngangen til Verdsarvområdet Geirangerfjord og fjordbygda Stranda.

Stranda har etterkvart vorte kjend som ei matbygd med kvalitetsprodukt. Her finn du produksjon av både laks, spekemat - og pizza.

Restauranten på Paviljongen prøver å gjenspeile dette i sin meny, og tilbyr snacks, smørbrød og lette retter basert på lokale råvarer. I tillegg til deilige, norske vafler med syltetøy og rømme.

Restauranten er open både sommer- og vinterhalvåret, og kan også leigast til lukka arrangement for private og bedrifter.

Paviljongen er eit ynda mål for turgåarar i området. Kva er vel betre enn å sette seg ned etter ein skikkelig fjelltur med noko godt å ete og drikke.

Se mer: Servering i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Stranda / Stranda