Ørnevegen — Ørnesvingen
Ørnevegen er namnet på den bratte vegstrekninga oppgjennom lia frå Geiranger mot Eidsdal på riksveg 63. Her slyngjer vegen seg i 11 hårnålsvingar frå Geirangerfjorden og opptil det høgste punktet på strekninga 620 m.o.h ved Korsmyra.
Vegen vart offisielt opna 15.september 1955 og gav bygda Geiranger heilårs vegsamband. Vegen vart ein attraksjon frå første dag, og fekk namnet Ørnevegen på grunn av at den øvst opp gjekk gjennom eit område som det tradisjonelt hadde vore mykje ørn.
Namnet illustrerer også noko vilt og spektakulært som trafikkantane vil oppleve, særleg om dei stansar i Ørnesvingen som er den øvste hårnålsvingen. Her er det tilrettelagt særskilt slik at ein verkeleg kan få nyte den storslåtte utsikta mot Geiranger, Geirangerfjorden, fossane Dei sju systrer og fjellgarden Knivsflå, eller nyte synet av dei mange cruiseskipa på fjorden under.
Dette utsiktpunktet har blir oppgradert dei siste åra, og vart offisielt opna 21.juni 2006 med ei enkel markering som ein del av prosjektet ”Nasjonal Turistveg” i regi av Statens Vegvesen. Arkitekt: 3RW - Sixten Ralff. Landskapsarkitekt: Smedsvig Landskapsarkiteter AS. Kunstnar: May Elin Eikaas-Bjerk.
Ørnevegen har på det brattaste ei stigning på 10 %, og kan vere ei prøve for bilistar som ferdast her vinterstid. Men bilbransjen har m.a. brukt denne vegen som testveg for å betre bilane sin framkomelegheit på vinterføre. Lengste tillatne køyretøylengde / vogntog er 15 meter.
Møre & Romsdal / Stranda / Geiranger
Bli bedre kjent med Møre og Romsdal — Vår
-
Toppturfolkets favoritter
Utforsk det spektakulære fjordlandskapet, og den uberørte naturen på Vestlandet. Her får du toppturfolkets favoritter!
-
Jugendstilbyen på Vestlandet
Vakre Ålesund byr på lokale råvarer, kultur, attraksjonar og unik arkitektur — anten du skal på helgetur med kjærasten, vener eller om du vil ha litt…
-
Byen med fire land
Du har kanskje hørt gjetord om klippfisk og opera, men byen ytterst ved Atlanterhavet har mer å by på enn salt fisk og klassiske toner.
-
Barnas Møre og Romsdal
Bli med på en spennende oppdagelsesferd i Møre og Romsdal. Badeland, besøksgårder, klatring, fjelltur eller zipline – her er våre beste tips til…
-
Med hengekøye i Møre og Romsdal
Her kan du slappe av til fjordutsikt i verdensklasse. Hengekøye har gjort et kanoncomeback og blitt mer populær enn noen gang. Her er de beste…