Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Liabygda kyrkje

© Stranda Kyrkjekontor
22/04/2020

Liabygda kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1917 i tre med 150 sitjeplassar. Arkitekt var Henry Bucher, Oslo, og byggmeister var Tore Overå.

Teologistudent Lars Lied tok aktivt del i utsmykkinga av kyrkja, med lysekroner frå Paris og Berlin og lykter frå Lyon og Brüssel. Interiøret og "baldakinaltaret" vart utforma med preg frå Austen. I 1989-90 vart kyrkja restaurert med m.a. tilbygg ved hovudinngang (dels i skipet si fulle breidde) for toalett og ny tårntrapp, bårerom og vaskerom for gravar i kjellaren. Arkitekt var Spjelkavik arkitektkontor.
(Kjelde: Kyrkjene i Møre, Kulturnett).

Se mer: Attraksjoner i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Stranda / Stranda