Geiranger Sjokolade — Sjokoladefabrikken
Geiranger Sjokolade er den første sjokoladefabrikken i verda som held til i eit naust. Varemerket vårt er difor "fjordnær" som òg spelar på "jordnær": All sjokolade blir laga frå grunnen, utan konserveringsmiddel eller andre tilsetjingsstoff.
Sjokoladeproduksjonen er reint handarbeid. Vi brukar skorne, ikkje støypte bitar, slik at vi får eit så tynt lag av sjokolade som råd. Filosofien vår er at ting skal smake. Vi utviklar nye sjokoladeoppskrifter baserte på eigne smaksløkar. Frå fyllet blir laga i kjøkkenet til den ferdige sjokoladen ligg klar for sal i butikken, går det tre dagar på det raskaste.
Råvarene til fyllet kjem frå området her i den grad det går, men vi hentar òg spanande smakar frå andre land.
Godbitane får til slutt eit bad i mørk, nydeleg sjokolade – mmm!
Er du interessert i å sjå korleis vi lagar sjokolade?
Vi tek imot besøk i naustkjellaren på bestilling. Dit kan du kome om du berre er interessert i å sjå produksjonslokala og lære om korleis vi lagar den smaksrike sjokoladen vår, eller om de er ei gruppe som vil gjere ei meir omfattande sjokoladeprøving og trengje djupare inn i den fantastiske sjokoladeverda.
Velkomen!
Møre & Romsdal / Stranda / Geiranger
Bli bedre kjent med Møre og Romsdal — Vår
-
Toppturfolkets favoritter
Utforsk det spektakulære fjordlandskapet, og den uberørte naturen på Vestlandet. Her får du toppturfolkets favoritter!
-
Jugendstilbyen på Vestlandet
Vakre Ålesund byr på lokale råvarer, kultur, attraksjonar og unik arkitektur — anten du skal på helgetur med kjærasten, vener eller om du vil ha litt…
-
Byen med fire land
Du har kanskje hørt gjetord om klippfisk og opera, men byen ytterst ved Atlanterhavet har mer å by på enn salt fisk og klassiske toner.
-
Barnas Møre og Romsdal
Bli med på en spennende oppdagelsesferd i Møre og Romsdal. Badeland, besøksgårder, klatring, fjelltur eller zipline – her er våre beste tips til…
-
Med hengekøye i Møre og Romsdal
Her kan du slappe av til fjordutsikt i verdensklasse. Hengekøye har gjort et kanoncomeback og blitt mer populær enn noen gang. Her er de beste…