Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Friaren

© Terje Rakke
22/04/2020

Friaren ligg på motsett side av "Dei sju systre" i Geirangerfjorden. Den har ikkje noko høgt fritt fall, men deler seg på ein karakteristisk måte nedetter berget, slik at det i midten av fossen kjem fram bart fjell med form som liknar ei flaske. Segna seier at "Friaren" stadig var på friarføter til "Dei sju systre" på motsatt side av fjorden, men han fekk stadig nei, og vart til slutt så deprimert at han slo seg på flaska.

Se mer: Attraksjoner i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Stranda / Geiranger