Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Flydalsjuvet

© DGT/Terje Rakke
© DGT/Terje Rakke
© DGT/Terje Rakke
22/04/2020

Flydalsjuvet byr på imponerande utsikt og er eit godt fotopunkt over Geiranger og Geirangerfjorden med dei mange cruisebåtane.

Her i frå stammer eit av Norges mest brukte fotomotiv i reiselivsreklamen.

Flydalsjuvet ligg lett tilgjengeleg ved veg nr. 63, ca. 4 km frå Geiranger sentrum i retning mot Grotli.

Utsiktpunkt finst på to platå, eit øvre og eit nedre, med gangsamband mellom. Utsiktspunkta er modernisert gjennom prosjektet "Nasjonale Turistvegar", og dei nye installasjonane vart offisielt opna med ei markering 21.juni 2006. Arkitekt 3RW-Sixten Rahlff og landskapsarkitekt Arne Smedsvig har skapt installasjonane.

På det nedre platået finn ein også installasjonen "Fjordsetet" som vart avduka av dronning Sonja i september 2003 i høve 10- års jubileet til landsdelsselskapet Fjord Norge As.

Se mer: Attraksjoner i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Stranda / Geiranger