Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Fjord Nature

© Fjord Nature/Anders Vestergaard
© Fjord Nature
© Fjord Nature
© Fjord Nature
© Fjord Nature

Åpningstider

jan. 01, 2021 - des. 31, 2021

14/04/2021

Fjord Nature er ei lokal naturguide bedrift på Hellesylt, Sunnmøre. Vår visjon er å gi alle ei flott oppleving i naturen.

Med utgangspunkt i Fjord Nature basecamp Hellesylt ligg vi sentralt til rette for å tilby opplevingar og kurs over heile Sunnmøre. Skiturar, fotturar, kajakkpadling eller el-sykkel er eksempel på aktivitetar vi tilbyr. Både guiding og utleige.

Vi vart stifta i 2019 av den lokale naturguiden Helge Kvam Karbø. Vi ønsker å bidra til lokal verdiskaping ved å gi gode naturopplevingar.

Fjord Nature vil bidra til at alle får ei betre oppleving, ved å tilby kvalitetsprodukt der ein løftar fram skjulte perler, lokal kultur og historie. Vi har trua på møte mellom guide og gjest er svært viktig, derfor har vi valgt å legge stor vekt på kvalifiserte og utdanna guidar og små gruppestørrelser.

Våre mest populære kurs er våttkortkurs i havpadling og elvepadling mens det i guida turar er fjord padling og fotturar med nydeleg utsikt. Vi har også ein avtale der vi disponerer det ærverdige trehotellet Villa Norangdal til vårt bruk. Her lagar vi pakker der ein bur på hotellet og blir med guide på spektakulære eventyr.

Se mer: Aktiviteter i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Stranda / Hellesylt