Gode his­to­ri­er fra Møre og Roms­dal.
Ta deg tid, opplev mer.

- Vest­landets beste!

«Gud er frå Stran­da», sa austlendin­gen då han­kom til Stran­da, og såg all snøen. Strandaf­jel­let skisen­ter er kåra til både Norges pud­der­par­adis, årets skistad og folkets favoritt. Fam­i­lie­far ogfriluftlivsen­tu­si­ast Oscar Alm­gren mein­er sen­teret er blant dei beste i Skandinavia.

I VG er

Stranda blitt kåra til Norges pudderparadis og best i landet for køyring i laussnø.

I skimagasinet «Friflyt» blei Strandafjellet skisenter både kåra til årets

skistad og til folkets favoritt. Dagens Næringsliv kåra nyleg Strandafjellet

skisenter til det beste skianlegget på vestlandet, og det åttande beste i

landet. Strandafjellet lev opp til disse utmerkingane, og vel så det.

Gondolheis til 1062 moh

Stranda har sia opninga i 1957 vore ein populær utfartsstad for å køyre på ski i Møre og Romsdal,

og merksemda omkring Strandafjellet vakna verkeleg etter at den 2.100 meter

lange Roaldheisa opna for fem år sidan. Gondolen fører folk til

toppstasjonen på 1.062 moh på sju minutt, og passasjerane er både dei som vil

køyre i preparerte løyper, få ein «flying start» til ein topptur vidare innover

i fjellet, vil ete i restaurant Fjord Panorama eller berre vil nyte utsikta. Og utsikta er verkelig spektakulær. Frå endestasjonen kan ein i fugleperspektiv nyte ei 360 graders utsikt over Storfjorden, UNESCOs verdsarvområde og

fjordbygda Stranda.

Stran­da er ein per­fekt kom­bi­nasjon av fjord og fjell. Ved å ta gon­do­l­heisen opp, kan ein fak­tisk nyte utsik­ta utan ski på beina.

For både familiar og skientusiastar

Sju skiheisar i ulike lengder, ein gondol, 18 nedfartar, tre restaurantar,

barnepark og terrengpark er berre noko av det Strandafjellet har å by på for

alt frå barnefamiliar til den såkalla skibomsen. Med snøproduksjonsanlegg og flomlys i delar av anlegget, ligg alt til rette for både tidleg sesongstart og kveldskøyring i anlegget.

I desse

omgjevnadene er det Oscar Almgren jobbar som guide og instruktør for toppturar

og frikjøring. Etter at han utdanna seg til villmarksguide i den populære

skibyen Åre i heimlandet Sverige, er det Stranda som har vore bustaden dei

siste sju åra - litt til og frå.

Snøsikkert lokka

- Dette er mitt paradis. Det var arbeid som førte meg til Stranda. Vel, eigentleg er

det at Stranda er svært snøsikkert som gjorde det aktuelt for meg. Men eg fekk

i alle fall tilbod om jobb i skipatruljen i Strandafjellet. Eg hadde eit eige

firma i Sverige då eg flytta, og målsettinga på sikt var å kunne starte opp eit

firma her også, seier Almgren. Det gjekk fint, og i dag driv 31-åringen

selskapet Uteguiden på Stranda.
>> Kjøp heiskort på nett, du slepp billettkø og kan dra rett i bakken

Oscar Alm­gren vart lok­ka til snøsikre Stran­da for sju år sidan, og driv i dag eigeguidesel­skap i bygda.

Beste offpistanlegg i Skandinavia bak huset

Den friluftselskande svensken meiner det er mykje som er bra med Stranda.

Dels er det at det er så korte avstandar

mellom alt. Alt er så konsentrert, som det er på mange små plassar. Å ha eit av

dei beste anlegga for offpist i Skandinavia rett bak huset der vi bur, er rein luksus.

Også om ein ser bort frå skitrekket er det mykje bra. Her er det så mange

moglegheiter til å vere aktiv ute, og ein kan jo gå «hur många toppturar som

helst», meiner Almgren.

I Stranda bur han saman med kona, som kjem frå Førde, og dottera på 2,5 år. Sistnemnde fekk

ski i fjor. Ho var ikkje så mykje på ski då, men pappaen trur det blir meir i

år.

Vil ikkje ungar køyre offpist?

Almgren meiner at ein liten unge i huset ikkje treng legge ein dempar på skigleda for

dei vaksne. Slik han ser det, er det stilige med Strandafjellet nettopp kombinasjonen

av tilbod for typiske skientusiastar, og for dei som kjem med ungar.

- For det første vil eg hevde at det ikkje er noko som tyder på at kidsa ikkje liker å

køyre off-pist. Men her i Stranda er det fine og trivelege barneområde rundt

heisen, og der blir det også servert bra mat. Ettersom det er så mykje lett

tilgjengeleg off-pist, er det enkelt å vere mykje saman med borna samtidig som ein

tek seg av dei. Dersom ein har lyst til å sleppe seg laus, kan dei som vil køyre

off-pist i 30 minutt, medan dei andre gjer noko anna. Då blir alle glade, rådar

Almgren.

Bar­neom­rådet rundt heisen er tilret­te­lagt for barne­fa­mil­iar, og har mange aktivite­tar for små skikjørarar. 

Fak­ta om Strandaf­jel­let Skisenter

- Gon­do­l­heis til 1062 moh

- Tre restau­ran­tar — på top­pen av Roald­heisa (1042 moh.) og på top­pen av Fursethe­isa (708 moh.). 

- Kafe Sto­va — i botn av bakken finner du Sto­va. Der kan ein ete med­brakt niste. 

- Gratis køyring for dei min­ste i Labb og Line barnepark. (150 meter langt koppetrekk). 

- Gratis sesongko­rt til alle 4. klassin­gar (ta med gyldig id.). 

- Ter­reng­park med store og min­dre hopp, spen­nande rails og andre element. 

- Ope kvar dag og tre kvel­dar i veka.
- Delar av fil­men Super­ven­tion er spela inn her.