Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Veten (Sande)

Drageskaret Fv61
© Morotur.no
© Morotur.no
© Morotur.no
13/06/2021

Kort om turen

Veten ligg fint til over Nyksvatnet med god utsikt ut mot vest og mot fjella i Sande og Vanylven. Veten har namnet sitt etter det gamle varslingssystemet med eldvardar som var langs kysten. Larsnes IL har trimpost på toppen. På Veten står også eit opplysningsskilt som fortel segna om Årvikrisen og Haukelandsrisen.

Rutebeskrivelse

Råsa byrjar ved parkeringsplassen på toppen av Drageskaret, den går etter fjellryggen Langhamrane opp forbi kvilesteinen og mellom Knottahornet og Svedehornet, går vidare innover fjellet til du kjem til skiltet Keipen Veten, då tek du til høgre.Råsa går då forbi vestenden av Langevetevatnet, går derifrå bratt opp til toppen av Veten. Frå Veten er der moglegheit å fylgje ei rås som går inn til Torsethornet og derifrå til Keipen og bruke den som alternativ retur. Du kjem inn på sporet ditt ved skiltet Keipen Veten. Alle desse råsene er godt merka. På Veten er der også rås som kjem opp frå Skredestranda.

Adkomst og parkering

Drageskaret på fv 61 mellom Larsnes og Gursken. Parkeringsplass på toppen av Drageskaret

Se mer: Aktiviteter i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Sande / Larsnes