Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Haugsbygda Hamn — Gursken Båtlag

© Sande Kommune
© Gursken Båtlag
© Jan Sætre
04/06/2021

Haugsbygda hamn er ei godt skjerma hamn i Haugsbygda, Sande kommune (MR). Den er plassert på babord side når du kjem sjøvegen inn Gurskefjorden. 70 meter gjestebrygge er tilgjengeleg ved Gursken Båtlag sitt anlegg inne på hamna. Her er det også mulegheit for bubilparkering. Nytt, moderne båthus med tilhøyrande fasilitetar (dusj, toalett, vaskemaskin, tørketrommel). Inkludert i leigeprisen er også tilgang til trådlaust internett. Straum og vatn. Tilgang til båthus og wifi-kode får ein ved å bruken appen til Go Marina.

Nytt bunkersanlegg (MH24) med bensin og avgiftsfri diesel er plassert på brygga.

Beliggenhet og severdigheter: Næraste butikken ligg inst i fjorden, Joker Gursken, om lag 4 kilometer frå båtplassen. Fine turområde i nærleiken. Frå byggefeltet like over hamna er der merka turstiar mellom anna mot Haugshornet og utover mot Gjøna.

For informasjon, ta kontakt med Viktor Hauge, mobil 915 72 055.

Se mer: Overnatting i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Sande / Gursken