Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Dollsteinhola

© Sande Kommune
© Tor Inge Nygård
© Tor Inge Nygård
© Tor Inge Nygård
© Tor Inge Nygård
01/07/2021

Dollsteinhola er vide kjend frå langt tilbake i historisk tid. Det er såleis fortalt at Orm Torolvson frå Island kom for å hemne drapet på fostbror sin, Asbjørn Prude frå Hordaland som risen Bruse i Dollsteinhola hadde drepe. Ragnvald Kale Orknøy-jarl var her først på 1100 talet. Det er fortalt at han sumde over vatnet i botnen av hola. Dollsteinhola er nemnd i det engelske bokverket Encyclopedia Britannica frå før 1800. Der er det sagt at hola går under havet til Skottland, men at det er ei segn. Det er gjort utgravingar som syner at det har budd folk i hola ein gong i tida.

Dei som har vitja hola i våre dagar vil nok finne desse gamle skildringane litt underlege. Det vert også diskutert om hola kan ha endra seg. I dag ser den ut som ei kløft der botnen skråar omlag 45 grader til den flatar ut 30m lavare. Innafor opninga utvidar hola seg, mest vertikalt, men også eindel i breidda. Lenger inne ligg ei steinur som deler hola i to. Det er muleg å ta seg gjennom denne steinura og ein kjem så inn i den inste delen av hola. Den er i likheit med første delen omlag ti meter brei og svært høg, og kan nok minne om ei kirke. Total lengde er omlag 185 meter. Det vert fortalt at det har vore både sunge, tala og messa her. For få år sidan hadde eit lokalt kor ein konsert i denne “kyrkja”. Det var ein mektig opplevelse for dei som var til stades. Overalt på veggane har folk rissa inn namn og datoar frå langt tilbake i tida.

Herøypresten Stevelin Reutz har gjeve ei skildring av hola etter eit besøk i 1743: Inngangen var godt og vel mannshøg. Innafor der var det “langt højere og bredere end Herøe Kirke”, slette bergvegger og taket runda som ein kvelving. Lenger inne og nede vart hola smalare og lågare og dei høyrde havet skole utanfor. Dei gjekk endå nokre steg ned, og hola vart trongare. Så våga dei ikkje gå lenger, men kasta ein stein ned og høyrde ekkoet av nedslaget over eit minutt, men kunne ikkje seie om steinen fall i vatn eller jord.To talglys brende dei ut på turen,”hvoraf kand sluttes at Hulen maae være lang”.

Frå Skare går ein merka sti langs sjøen i litt ulendt terreng. Her står storhavet på og kan vere ein mektig opplevelse i ruskever. Turen ned i hola går stort sett greit, men gjennom steinura må ein både klatre og krype. Ein bør ikkje vere plaga av klaustrofobi og livmålet må ikkje vere for stort. Ein treng godt fottøy fordi terrenget er ulendt og til tider vått. På grunn av krypinga må kleda tole å bli både våte og tilgrisa.

Se mer: Attraksjoner i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Sande / Sandshamn

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjons-kapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjonskapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.