Gode his­to­ri­er fra Møre og Roms­dal.
Ta deg tid, opplev mer.

Atlanter­havs­parken

Buss­tur­is­tane frå Østerdalen ville sjå stor­torsk, krabbe og ål i Atlanter­havs­parken, akva­ri­et som fleire gonger er kåra til Nor­dens beste. Men då dei ben­ka seg fram­for stor­tanken i Åle­sund hadde dei eit noko uven­ta badeshow i vente.

- Om sommaren gjer akvaristane svært mykje vedlikehaldsarbeid i den største tanken vår. Ein sommar, då det var svært varmt i været, såg ein av dykkarane på klokka og konkluderte med at det ikkje var dykkarshow i tanken på det tidspunktet. Dykkaren tok derfor sjansen på å hoppe uti for eit lite bad, fortel Britt Giske Andersen ved Atlanterhavsparken i Ålesund.

Høyr Britt fortelje om badestuntet i videoen under:

Det norske akvariet

I tillegg til uventa opplevingar har Atlanterhavsparken mykje anna å by på. - Vi har nok aldri vore meir i vinden enn vi er akkurat no, seier Giske og fortel at Atlanterhavsparken har hatt auke i besøkstal, besøksrekordar og oppmerksomhetsrekordar dei siste åra.

Noreg er ein sjømatnasjon, Ålesund er fiskerihovudstad og Atlanterhavsparken blir no omtala som "Det norske akvariet." Det imponerande saltvassakvariet ligg heilt nede ved fjøresteinane, like utanfor Ålesund sentrum. Parken er eit av Nord Europas største og mest unike anlegg, og er kåra til Nordens beste akvarium to gonger på rad.

Atlanterhavsparken Dykkershow Ålesund Sunnmøre
Ekte opplevin­gar i ekte omg­jev­nad­er er vare­mer­ket til Atlanter­havs­parken, eit av Europas mest unike akvar­i­um. (Foto: Per Eide)

Oter på Oterøya

- Vi er svært stolte over å ha tre søte otrar på plass i akvariet i år. Her bur Nusse, Muffe og Pia, tre små, morlause oterungar som kom til oss i fjor, fortel Giske. - Dei tre oterungane blei funne forlatne i naturen, og hadde ikkje moglegheit til å klare seg aleine. Dei blei funne av private og tatt inn i ein heim, men etterkvart som dei vaks blei det vanskeleg å ta vare på dei. På kort tid måtte vi vurdere om det var mogeleg å få til noko hos oss, fortel Giske.

- Vi brukte vintermånadene godt, og i byrjinga av februar var vi klare - med ei heil øy til dei tre otrane. Da var namnet Oterøya naturlig å velje, sei Giske. På si eiga øy har otrane god plass, ei eiga fyrlykt som dei kan søke ly i og eit undervassobservatorium kor oter og menneske kjem tett på kvarandre.

Atlanterhavsparken Oter Oterøya Ålesund Sunnmøre
Otrane i Atlanter­havs­parken er svært sosiale, lagar myk­je lyd og elskar å få besøk. (Foto: Atlanterhavsparken)

Noregs kulaste aktivtetsrom

Ein annan spennande attraksjon er eit nytt og større aktivitetsrom for store og små. Kontaktbassenget i aktivitetsrommet er fullt av morosame, fine og rare sjødyr. Her kan du blant anna holde og kjenne på bløyte sjøpølser, piggete kråkebollar, sjøstjerner og skjel.

- Aktivitetsrommet har vore ein av våre mest populære attraksjonar, og kapasiteten har vore sprengt. No har vi utvida og bygd eit aktivitetsrom som er tre gonger så stort. Vi har også tatt meir av naturen inn i akvariet, gjennom bilete og dekorasjonar på veggane. På den måten får vi ein tettare link til den flotte naturen som finns rett utanfor lokala våre. - Det nye aktivitetsrommet har blitt ein suksess og vi kallar det Noregs kulaste aktivitetsrom, fortel Giske med eit smil.

Hummer Atlanterhavsparken Ålesund Sunnmøre
Aktivitet­srom­met i Atlanter­havs­parken er pop­ulært blant store og små. No er det tre gonger så stort. (Foto: Odd­geir Visnes)

Europas største selpark

Den gigantiske selparken utanfor akvariet er ti gonger større enn det nest største anlegget i Europa. - Som Sunnmøringar er vi opptekne av å byggje stort, og vi bygde det største, ler Giske. - Vi bygde eit anlegg som er i pakt med, og integrert i, den eksisterande naturen. Det har blitt ein ny måte å vise fram livet i havet på, på dyra sine eigne premissar. Dyrevelferden er i verdsklasse, og det er vi svært stolte av, fortel Giske.

Selparken er ei naturlig vik i landskapet, omforma til eit enormt basseng ved hjelp av blåleire og stein. 7 seler nyt eit 6000 kvadratmeter stort basseng, fylt med 15 million liter friskt sjøvatn. Inne i dammen finns naturlege holmar, skjær, bukter og viker, samt ei lita sandstrand. Menneske og sel kan observere kvarandre gjennom undervassobservatoriet på nær 200 kvadratmeter.

Selforing av Knut Sel Atlanterhavsparken Ålesund Sunnmøre
I 2014 opna akva­ri­et Europas største utandørs­bas­seng for sel, av arten Steinkobbe. (Foto: Atlanterhavsparken)

Pingvinar i romantisk solnedgang

- I tillegg til å være "Det norske akvariet" er vi også med i eit avlsprogram for Humboldtpingvin, fortel Giske. - Vi har allereie avla fram fleire pingvinungar ved akvariet, og vi har eksportert pingvinar til utlandet. Hemmelegheiten bak suksessen er at pingvinane får bu såpass tett på naturen, i eit naturleg miljø. Det gjer at pingvinane våre har romantiske solnedgangar og avlar fram fleire små pingvinbarn, ler ho.

Pingviner Atlanterhavsparken Ålesund Sunnmøre
Akva­ri­et har beliggen­heit i naturen på Tue­ne­set i Åle­sund, 3 km frå sen­trum. Her frå Pingv­in­parken. (Foto: Odd­geir Visnes)