Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Sykkeltur: Geiranger og Flofjellet

Opplev den unike Geirangerfjorden og den gamle ferdselsvegen over Flofjellet på sykkel. Denne turen er ein fest for sansane; Opp Strynedalen og over fjellet til verdskjende Geiranger, og vidare til det fredelege og vakre Flofjellet. Turen tek mellom 10 – 12 timar, og går frå Stryn — Langevatn — Geiranger — Hellesylt — Vollset — Flo — Stryn. Turbeskrivelse: Relativt lite klatring og gode sykkelvegar. Ver merksam på at det kan vere forholdsvis mykje trafikk på Geirangervegen i høgsesongen. Ta buss frå Stryn til Langevatn (busstur ca 45 min.). Merk at det er begrensa plass på ekspressbussane for syklar, og det kan løne seg å førehandsbestille. Frå Langevatn syklar du ned til Geiranger på den flotte Geirangervegen. Viss du er i ekstra god form kan du ta ein avstikkar til Dalsnibba (1500 moh). Ta ei pause i Geiranger og nyt den gode atmosfæren i denne livlege turistdestinasjonen. Frå Geiranger tar du ferje til Hellesylt (ferjetur 1 time). Ferja, på den vakre Geirangerfjorden, er ei oppleving du seint vil gløyme. Frå Hellesylt følgjer du same rute som i turforslaget Hellesylt – Flofjellet – Stryn”.