Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Lei en robåt på Sunnmøre Museum i sommer

Kunne du tenke deg ein tur på sjøen? Leig ein robåt hos Sunnmøre Museum! Du kan leige båt for ein time eller to, ein heil dag — eller natta over om du vil. Sunnmøre Museum har færingar av ulike størrelsar og for ulik mengde personar. I tillegg har dei lavvu til leige og redningsvestar til låns. Det einaste du treng å gjere er å bestemme deg for ein dag på sjøen! Båtar og prisar: LEIA Har to årepar og plass til 3 – 4 personar der ein eller to personar kan ro. Dagstur kr 100,- Overnattingstur kr 250,- per døgn (m/​lavvu kr 300,-) LINGE Har tre årepar. Er noko større enn LEIA”. Har plass til 5 – 6 personar. Dagstur kr 150,- Overnattingstur kr 300,- per døgn (m/​lavvu kr 350,-) Fine stader å ro til: Svinøya og Vikholmen i Ellingsøyfjorden, Langevågsholmane i Borgundfjorden og Hundsvær Alle båtane vert leigd ut med utstyr som ausekar, vasskanne, redningsvestar og kart. Ring dei gjerne i forkant for å reservere ein båt; tel. 70 17 40 00 måndag-fredag 11 – 15 (søndag 12 – 16).