Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk
iStock utsikt Ålesund høst haust Sunnmøre

Vill, vakker og innhaldsrik

Vakre fjordar, mektige fjell, kulinariske sjømatopplevingar og attraksjonar for heile familien. Her er nokre av dei trivelege opplevingane Ålesund og Sunnmøre har å by på i haust.

Gjer deg klar til å utforske eit bredt spekter av natur- og kulturopplevingar. Vakre Sunnmøre byr på eit vrimmel av fjordar, fjell, landlege perler, restaurantar og attraksjonar - anten du skal på weekendtur med kjærasten eller venar, eller om du skal på ferie med familien. Det er nemleg ikkje tilfeldig at Ålesund og Sunnmøre er blant dei mest besøkte turiststadane i Noreg.

Ålesund, med over 45.000 innbyggjarar, er den største byen i Møre og Romsdal. I jakta på dei flottaste hamnebyane i Europa, blei National Geographic sjarmert i senk av ville og vakre omgjevnader, og Ålesund blei dermed kåra til ein av dei vakraste hamnebyane i heile Europa. Sunnmørsbyen er også kåra til Norges vakraste by av Dagbladet sine lesarar og den britiske avisa The Times.

Atlanterhavsparken

Med utsikt rett mot havet, rike fiskefelt og dei djupe norske fjordar kan ein observere, oppleve og lære om livet i havet. Atlanterhavsparken ligg heilt nede ved fjøresteinane utanfor Ålesund sentrum. Akvariet er eitt av Nord-Europas største og mest unike, og er kåra til Nordens beste akvarium to gonger.

I parken kan du blant anna oppleve krabbefiske, sel, oter, pingvin og mating av fisk og andre dyr. Selparkbassenget i Atlanterhavsparken er Europas desidert største. Ei naturlig vik i landskapet er omforma til eit enormt basseng ved hjelp av stein og leire. Selbassenget er på heile 6000 kvadratmeter og er fylt med 15 millionar liter friskt sjøvatn. Akvariet har òg eit fantastisk uteområde med vassleikepark, aktivitetsrom og eit eige område for oter, Oterøya.

Atlanterhavsparken er kåra til Nordens beste akvarium to gonger.

Smaken av havet

Noreg er ein sjømatnasjon, og Ålesund er ofte omtala som fiskerihovudstaden. Her finn du mange gode restaurantar som har spesialisert seg på sjømat. Apotekergata No.5 er inspirert av det lokale. Frå den høgste topp til djupaste hav - og alt i mellom. Her inviterast du til ein topografisk meny der naturen dominerar, og årstider dikterar. Bro inviterer til ei reise gjennom sunnmørsk kystgastronomi. I restauranten finn du ein levande meny med sesongvarer frå vestlandet. Zuuma er ein moderne japanskinspirert grill- og sushirestaurant, med fantastisk sjøutsikt på kaia i Ålesund. Sjå fleire serveringsstadar i Ålesund her.

Se flere

Byvandring langs kaia

For besøkande som vil oppleve Ålesund bysentrum, med sine tårn, spir og fargerike utsmykkingar er ein rusletur i sentrum å anbefale. Brosundet ligg midt i hjartet av byen og er utgangspunkt for ei rekke aktivitetar og turar. Her kan ein blant anna leige kajakk, med eller utan guide. Langs sundet ligg det og fleire restaurantar.

Ynskjer ein å lære endå meir om byen er Jugendstilsenteret eit godt tips. Herfra kan ein gå vidare til Molovegen og hamnemoloen frå 1855, eit område som innbyggjarane sjølv kallar "Molja", med Molja Fyr. I sjarmerande og pittoreske omgjevnadar får ein kontakt med det verkeleg gamle Ålesund.

Nyt utsikta frå toppen

Dersom du oppheld deg i Ålesund sentrum, vil du kunne sjå den mest besøkte turiststaden: Byfjellet Aksla. Frå byparken kan du gå 418 trappetrinn opp til det flotte området. Utsiktspunktet «Byrampen» ligg midt i leia for dei populære trappetrinna. Det nye utkikkspunktet stikk rett ut i lufta som eit stupebrett, og gir deg ei luftig oppleving. På toppen av Aksla troner Fjellstua terrasse. Hit kjem folk frå alle kantar av verda for å nyte panormautsikta over alt det Sunnmøre har å by på. Byfjellet har også eit flott turområde som ein kan nytte seg av.

Byrampen Fjellstua Aksla Ålesund Sunnmøre
Frå Ålesund sentrum kan du ta turen opp til byfjellet Aksla. Trappene opp mot toppen har belysning, slik at ein og kan nyte turen på kveldstid. (Foto: Arnfinn Tonnesen)

Hakallegarden

Det gir ei heilt eiga ro å ha nærkontakt med dyr, og på Hakallegarden i Vanylven kan heile familien treffe både hestar, kattungar, ullgris, alpakka og mange andre søte skapningar. På besøksgarden kan du oppleve livet på landet, og året rundt kan både store og små ta turen til den flotte Hakallestranda. Her kan du bli betre kjent med dei firbeinte, ta ein matbit i den koselege kafeen, kjøpe spanande interiørprodukt og mjuke alpakkasokkar.

Alnes opplevingssenter

Ein kombinasjon av vakker natur, eit flott tilrettelagt kulturminne og den unike nærleiken til havet har gjort Alnes Fyr til ein turistmagnet. Fyret ligg i fiskeværet Alnes på Godøy, og har eit opplevingssenter. Her er det open kafé heile året med heimelaga kaker og tradisjonsmat frå kysten, samt eit flott galleri for kunst. Alnes Fyr har lett tilkomst frå Ålesund, og køyreturen tek knappe 20 minutt.

Fyret på Alnes frå 1876 er freda, og er eit minnesmerke i norsk fyrhistorisk kystkultur.

Leikeland for dei minste

I Ålesund kan dei minste barna utfolde seg i eit storslått innandørs leikeland, med spanande aktivitetar og hinderløyper. - Barnas Lekeland i Ålesund er Nordvestlandets første og største innandørs aktivitetshus og leikeland, ein sosial møteplass for små og store, fortel gründer og daglig leiar Ann Kristin Angelsen. Her kan barna nyte leik og moro i trygge omgjevnadar, medan dei vaksne slappar av med nykverna kaffe og fristande rettar. Barnas Lekeland Ålesund ligg sentralt plassert i Spjelkavika, kun to minutt frå kjøpesenteret Moa.

Barnas Lekeland Ålesund Sunnmøre
I Ålesund kan barna leike og boltre seg i Nordvestlandets største innandørs aktivitetshus. (Foto: Barnas Lekeland)

Shopping og handlemoglegheiter

AMFI Moa er det største kjøpesenteret på nordvestlandet og eitt av Noregs største i omsetning. Kjøpesenteret består av tre bygg, der to er bunde saman av ei gangbro. Her kan du boltre deg i 170 ulike butikkar innan dei fleste bransjar, samt slappe av på ein av dei mange flotte serveringsstadande. Her finn du også 2500 gratis parkeringsplassar.

Devoldfabriken i Langevåg er ein litt annleis shoppingstad med mykje kultur. Her finst det fleire restaurantar, kafear, museum og eit breidt utval av ulike outlet-butikkar. I ein outlet-butikk blir fjorårets kolleksjon og vareprøver frå årets kolleksjon selt til sterkt reduserte prisar. Andre shopping- og handlemoglegheiter finst også i Ålesund sentrum.

Se flere

Valldal Aktivitetspark

Dersom været er fint, kan du ta med deg heile familien opp i trea i Valldalen. Høgdeskrekk er nemleg inga hindring for ein dag i klatreparken. Som einaste klatrepark i Møre og Romsdal kan Valldal Aktivitetspark vise til heile 1.150 meter med klatreløyper montert oppe i tre og stolpar. Løypene er tilpassa ulike aldrar og ferdigheiter. Aktivitetsparken er idyllisk plassert på Hjelme, rett ved elva Valldøla. Den vesle bygda ligg ein halvanna times biltur frå Ålesund, mellom dei to store turistattraksjonane Trollstigen og Geiranger.

Valldal Aktivitetspark Katrepark
Klatreparken i Valldalen byr på 1400 meter med klatreløyper, lange zip-lines, hoppepute og hoppeslott. (Foto: Oddgeir Visnes)

Toppturar og fjellturar

Det sunnmørske grunnfjellet blei danna i jorda si urtid. Sidan då har istider gjennom millionar av år grave ut fjordar og dalar, og lagt igjen eit storslagent område fylt av tindar og toppar. Samspelet mellom Hjørundfjordbreen og dei ulike sidebreane har forma dei ville Sunnmørsalpane, og fjella stuper loddrett i fjorden frå 1.500-1.700 høgdemeter.

Sunnmørsalpene er eit fantastisk utgangspunkt for toppturar og fjellturar om hausten. Fjella byr på alt frå enkle ruter og merka stiar i flate dalar, til meir utfordrande klatreruter i fjella. Turane kan ein gå på eiga hand, eller saman med lokale turguidar.

Overnatting

I Ålesund og Sunnmøre har du mange spanande mogelegheiter for overnatting – i byen, i fjordane, ved kysten eller på fjellet. 

> Sjå meir informasjon om overnatting her.

Molladalen, nord på Ørstahalvøya på Sunnmøre, er ein av Norges vakraste dalar.
Molladalen, nord på Ørstahalvøya på Sunnmøre, er ein av Norges vakraste dalar.