Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

No kan du bu der ingen skulle tru

I stupbratte fjellsider langs dei mange verdsarv-fjordane på Sunnmmøre har folk bygd og bodd i århundrer. På Ytste Åkerneset har det budd folk sidan 1600-talet. No kan du óg oppleve livet på ein fjordgard.

På Sunnmøre fins det fleire verdsarv-fjordar enn noko anna stad på kloden. I dei bratte fjellsidene har folk i mange hundre år bodd på veglause fjordgardar og levd i pakt med naturen. Stiane opp til fleire av gardane er så bratte at ein må bruke stigar for å komme opp. Det seiest at inspirasjonen til den legendariske NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er henta frå desse fjordgardane.

I dag er alle gardane fråflytta, men nokon av dei er opne for besøkande. Gjennom eit samarbeid mellom eigarane av plassen, Offbeat Adventures og Bonseye blir fjordgarden Ytste Åkerneset i den vakre Sunnylvsfjorden ein av dei.

Sjå Anniken i Offbeat Adventure fortelje om Ytste Åkerneset

Lang historie

Ytste Åkerneset har vore i familien til Nils Roger Matvik sidan 1918.

– Det var vel bestefaren min og bestemora mi som kjøpte garden. Eg trur dei betalte 2500 kr, og det var ganske mykje pengar på den tida. Vi overtok plassen for omlag 6 år sidan, men historia til garden strekk seg mykje lengre tilbake enn det. Eg har sett litt i bygdeboka, og fann ut at den første brukaren vart nemnt i 1603. Då sto det at det satt ei enke på garden. Sannsynligvis budde det folk på plassen før det også, men det finns det ikkje kjelder på.

Då familien til Nils Roger kjøpte Ytste Åkerneset vart det etterkvart folksamt på fjordgarden. Saman med besteforeldra til Nils Roger flytta også broren til bestefaren, Hans, og familien hans inn på garden i fjellsida. Dei to ektepara fekk høvesvis tolv og fem born kvar, og i tillegg budde det ei fosterdotter og nokre eldre familiemedlemer der. På eit tidspunkt hadde heile 24 menneske tilhald på Ytste Åkerneset.

Åkerneset fjordgard
Opplev fjordgardslivet: Nils Roger (t.v) og kona ynskjer å invitere turistane til å oppleve korleis ein budde på fjordgardane før i tida.

Inviterer turistane til gards

Ytste Åkerneset har i liten grad blitt besøkt av turistane som flokkar til dei norske fjordane. I tillegg til den bratte fotturen opp frå fjøra, er kanskje det at ein må bruke båt for å komme dit noko av grunnen til at staden er lite besøkt. Men no ønsker eigarane å invitere folk til å oppleve korleis ein budde her i fjellsidene før i tida, og til høre historia om garden, familien, og området.

Sprang mot turistane med øks

Sjølv om turistane no er velkomne til gards, har det ikkje alltid vore slik. På den tida at bestefaren til Nils Roger budde på Ytste Åkerneset i lag med broren Hans, hendte det ofte at turistbåter stoppa opp nedanfor garden så turistane kunne sjå "dei innfødte". Brødrene sette ikkje pris på å vere kulissar for turistane, og bestemte seg difor for å gjere dei eit pek.

Høyr Nils Roger fortelje om bestefarens øksepek i videoen under

Hardføre folk

Folket på Åkerneset har vore nøydt halde ut med litt av kvart. Opp til fleire gonger har det gått ras i nærleiken av garden, og ein av gongane vart garden tatt.

- I 1714 gjekk det eit snøras som tok husa. Da sto dei på ein annan plass enn dei gjer i dag. Sannsynligvis sto dei lenger nede og inne, for der er det rester av nokon murar. Og korleis det gjekk med folket det veit eg ikkje, men ein kan vel anta at det ikkje gjekk så bra.

I tillegg måtte ein passe godt på i dei bratte fjellsidene.

–Det er ganske bratt her, så dei måtte passe godt på ungane slik at dei ikkje skulle falle utafor.

Åkerneset fjordgard
Bratt: Fjellsidene langs fjordane på Sunnmøre er heim til mange gardar, som Ytste Åkerneset. Nokon av dei låg så bratt til at ein måtte nytte stigar for å komme seg opp frå sjøen.

Sto på ski ned til sjøen

I tillegg til jordbruk dreiv gardsfolket også med fangst og fiske. Det er bratt i fjellsidene i Sunnylvsfjorden og innover mot Geiranger, og vegen frå Åkerneset og ned til fjøra er ikkje noko unntak. Særleg om vinteren kunne det vere utfordrande å skulle klare å komme seg frå garden og ned til sjøen.

- Dei brukte å renne på ski ned til sjøen, og i dag verkar det for meg som einn ganske dumdristig affære - med tanke på utstyret dei hadde, forteller Nils Roger, og legger til at det heller ikkje var noko særlig skog langs stien som ein kunne berge seg i dersom ein skulle vere uheldig.

(Artikkelen fortsetter under bildene/​annonsene)

Opplev mer

Se flere opplevelser
Hesjer og hardt arbeid: For å fø dyra slo bøndene på Ytste Åkerneset gras over store områder. Graset vart seinare tørka (hesja) og tatt med tilbake til garden for å brukes om vinteren.

Mange små åkerlappar

– Plassen her heiter Åkerneset for ein grunn. Fordi terrenget var vanskeleg å dyrke noko i, med berre eit lite jordlag oppå berget og bratte skrentar på alle sider, måtte ein ha mange små åkerlappar rundt om kring der det var mogleg å sette ned ei potet eller så noko korn.

Folket på garden dreiv også med fangst, og heldt sauer og geiter. For å kunne fø dyra slo dei gras over store områder. Graset vart lagra og tørka i det som vart kalla «hellere» rundt om kring, før det vart henta til gards seinare på hausten.

Åkerneset fjordgård
Anniken Aakvik i Offbeat Adventures og Ole Hjalmar Bonsaksen i Bonseye gler seg til å ta med turistar opp til Ytste Åkerneset.

Med Offbeat Adventures og Bonseye på laget

Når Nils Roger og kona no inviterer folk til Ytste Åkerneset for å oppleve fjordgardslivet, har dei med seg Anniken Aakvik i Offbeat Adventures og Ole Hjalmar Bonsaksen i Bonseye med seg på laget. Reiselivsselskapet Offbeat Adventures byr på private turer der du får oppleve noko utanom enn det vanlege, og Bonseye skal frakte gjestane i båt fra Hellesylt og ut til fjordgardane.

– Vi tar med oss folk til stader dei ikkje hadde kome på å reise til sjølv, og til stader der det ikkje er så mange andre turistar, slik at ein får møte dei lokale.

Åkerneset er ein slik stad. Hit er det ingen andre som kjem, fordi den einaste måten å komme seg hit på er med båt.

- Det var eit hardt folkeslag som budde her. Det er sterke folk som har vakse opp på desse gardane. Dei har opplevd mykje motgang, og det er kjekt å kunne ta med seg folk og vise korleis det faktisk var å bu her.

Åkerneset fjordgard
Mektig utsikt: Opplev livet på ein fjordgard.