Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Jugendstilbyen på Vestlandet

Vakre Ålesund byr på lokale råvarer, kultur, attraksjonar og unik arkitektur — anten du skal på helgetur med kjærasten, vener eller om du vil ha litt kvalitetstid med familien.

Ålesund er blant dei vakraste hamnebyane i heile Europa. Gjer deg klar til å utforske eit breitt spekter av natur- og kulturopplevingar i den unike jugendstilbyen.

Nyt eit godt måltid saman. © Oddgeir Visnes
Sunnmørsbyen er også kåra til Norges vakraste by. © Oddgeir Visnes
Gode shopping- og handlemoglegheiter i Ålesund sentrum. © Oddgeir Visnes

Kystgastronomi

Noreg er ein sjømatnasjon, og Ålesund er ofte omtala som fiskerihovudstaden. Her finn du fleire gode restaurantar som har spesialisert seg på sjømat. Det gamle pakkhuset Apotekergata No.5 serverer ein meny med sesongvarer frå Vestlandet. Dette er rettar som er lett å dele om ein er fleire rundt bordet som vil prøve litt ulike smakar. Bro inviterer til ei reise gjennom sunnmørsk kystgastronomi, og er ein av få norske restaurantar som står på den prestisjefylte restaurantguiden White Guide Nordic si liste over topprestaurantar i Norden. Vi skal heller ikkje gløyme Zuuma, som er ein moderne japanskinspirert grill- og sushirestaurant, med sjøutsikt på kaia i Ålesund.

Se flere

Byvandring i jugendstilbyen

For besøkande som vil oppleve Ålesund bysentrum med sine tårn, spir og fargerike utsmykkingar, er ein rusletur i sentrum noko spesielt. Brosundet ligg midt i hjartet av byen, og er utgangspunkt for ei rekkje aktivitetar og turar. Her kan ein blant anna leige kajakk, med eller utan guide. Langs sundet ligg det òg fleire restaurantar.

Ynskjer ein å lære enda meir om byen, er Jugendstilsenteret og KUBE eit godt tips. Herifrå kan ein gå vidare til Molovegen og hamnemoloen frå 1855, eit område som innbyggjarane sjølv kallar "Molja", med Molja Fyr. I sjarmerande og pittoreske omgjevnadar får ein kontakt med det verkeleg gamle Ålesund. Her kan du mellom anna besøke Fiskerimuseet og sjå bygningar frå før bybrannen i 1904.

Ålesund er kåra til ein av dei vakraste hamnebyane i heile Europa.
Brosundet ligg midt i hjartet av byen. (Foto: Oddgeir Visnes)

Handlemoglegheiter

I bysentrum finn ein også to kjøpesenter, Ålesund Storsenter og Kremmergaarden, i tillegg til mange små og store nisjebutikkar og kafear. Litt utanfor byen ligg AMFI Moa, som er det største kjøpesenteret på nordvestlandet.

Besøk Devoldfabrikken i Langevåg, Det er kanskje det koseligaste i hele Noreg. Her er det fleire restaurantar, kafear, museum og eit breitt utval av ulike butikkar. Hit går det hurtigbåt frå Ålesund sentrum, og overfarten tek berre 10 minutt.

Se flere

Atlanterhavsparken akvarium og vitensenter

Med utsikt rett mot havet, rike fiskefelt og djupe fjordar kan ein observere, oppleve og lære om livet i havet. Atlanterhavsparken ligg heilt nede ved fjøresteinane utanfor Ålesund sentrum. Akvariet er eitt av dei største og mest unike i Nord-Europa.

I Atlanterhavsparken kan du blant anna sjå sel, oter, pingvin og mating av fisk og andre dyr. Selparkbassenget er det desidert største i Europa. Ei naturleg vik i landskapet er omforma til eit enormt basseng ved hjelp av stein og leire.

I det nyopna vitensenteret kan ein lære meir om havet, her kan ein vere med på eksperiment og aktivitetar, og lære om havet på spennande måtar. Ei lærerik oppleving både for liten og stor. Det går bussar frå Ålesund sentrum til akvariet kvar dag i sommarhalvåret.

Atlanterhavsparken er kåra til Nordens beste akvarium to gonger.

Vakre Alnes

Ein kombinasjon av vakker natur, eit flott tilrettelagt kulturminne og den unike nærleiken til havet sett Alnes Fyr og Opplevelsessenter på kartet. Fyret ligg i fiskeværet Alnes på Godøy, og har eit opplevingssenter.

Her er det open kafé heile året med heimelaga kaker og tradisjonsmat frå kysten, samt eit flott galleri for kunst. Alnes Fyr har lett tilkomst frå Ålesund, og køyreturen tek knappe 20 minutt. Det er også eit fint utgangspunkt for turar i fjøra, eller på Godøyfjellet.

Frå Ålesund sentrum kan du ta turen opp til byfjellet Aksla.

Bynære fjellturar

Byfjellet Aksla er eit populært turområde og frå byparken kan du gå dei 418 trappetrinna opp til eit flott utsiktspunkt. Trappene opp mot toppen har belysning, slik at ein også kan nyte turen på kveldstid.

Utsiktspunktet «Byrampen» ligg omtrent halvvegs opp dei populære trappetrinna. «Byrampen» stikk rett ut i lufta som eit stupebrett, og gir deg ei luftig oppleving. På toppen av Aksla troner Fjellstua. Hit kjem både lokale og folk frå alle kantar av verda for å nyte panoramautsikta med ein kopp kaffi eller eit måltid.

Hotell i Ålesund:

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjons-kapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjonskapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.