Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Hekta på klassisk og kajakk

For Olea var det ingen veg tilbake. Ti år etter at 23-åringen sjølv vart biten av kajakkbasillen er ho blitt dobbel juniornorgesmeister i kajakkrulle, og formidlar gleda ved padling vidare til andre som instruktør — for niande året på rad.

Første gongen ho satt i ein kajakk var ho tolv år gammal, og innan ho var fjorten begynte ho å arbeide som kajakkinstruktør. Det var foreldra hennar som først introduserte henne til sporten, og sidan den gong har Olea Jonsdottir Flø vore hekta. I ein alder av 23 er ho to gonger kåra til juniornorgesmeister i kajakkrulle.

Hanna og Olea, Valldal kajakk
Hekta på kajakk: Etter ti år i kajakken finn Olea framleis stor glede i å padle. Her saman med kollega Hanna i Valldal Naturopplevingar. (Foto: Oddgeir Visnes)

Ein variert hobby

Olea studerer og spelar klassisk musikk i Stavanger om vinteren. I sommarhalvåret arbeider ho som kajakkinstruktør på sunnmøre hos Valldal Naturopplevingar.

- Eg padlar fordi det er kjekt! I tillegg er padling ein svært sosial sport, og eg padlar mykje med vener og familie - anten på dagsturar eller overnattingsturar, fortel den dobbelte juniornorgesmeisteren.

Ho sett pris på at kajakking heile tida byr på nye moglegheiter til å utfordre seg sjølv. På den måten blir sporten aldri kjedeleg.

- Du finn bestandig nye måtar å utfordre deg sjølv i ein kajakk. Anten det er å utforske nye padleområde som byr på nye tekniske utfordringar, ein ny kajakktype, eller nye padleteknikkar du ikkje har forsøkt før. Eg driv blant anna mykje med bølgepadling, der ein må meistre meir krevande forhold enn i roleg sjø.

- I tillegg er kajakking god trening!

Kajakkeldorado: Olea er for tida kajakkinstruktør i Valldal Naturopplevingar, som tilbyr padlekurs i den urørte og mektige Tafjorden.

Tett på naturen

- Noko av det beste med padling er at ein kjem så tett på naturen, meiner Olea.

Ein gong traff familien på ein delfin på padletur. Dei visste at det var ein gulflankedelfin som ei stund hadde hatt opphald i Ulsteinfjorden. Delfinen hadde oppsøkt båtane på fjorden, og familien hadde lyst å sjå om dei kunne sjå den på nært hald.

- Vi la ut i kajakk og kano, og dei første to timane på fjorden såg vi ikkje noko til delfinen. Vi tok ein pause og åt, og var eigentleg på veg til å snu heimover då den dukka opp. Den kom så tett opp til kajakkane at vi nærast kunne ta på den, og den hoppa og triksa rundt oss ei god stund før den svømte vekk igjen.

(Artikkelen fortsetter under bildene/​annonsene)

Opplev mer

Se flere opplevelser

Padleeldoradoet Sunnmøre

Etter over ti år i kajakken har Olea samla seg fleire favorittdestinasjonar når det kjem til havpadling.

Kjeldsund i Herøy
– Ein av mine absolutte favorittar når det kjem til padling er Kjeldsundet i Herøy. Det er ein beskytta skjærgard der ein kan finne rolege område sjølv når vêret ikkje er på det beste. Ein kjem tett på det yrande dyrelivet og det er mange holmer å gå i land på.

Blinkskudd Fuglefjellet Runde Fotografering Utsikt Fjell Sjø Himmel Sunnmøre
Bølger og fugl: Fuglefjellet Runde er blant Olea sine padlefavorittar fordi det oppstår spesielle bølgeforhold ute ved øya (Foto: Oddgeir Visnes)

Fuglefjellet Runde
– Ein annan av mine favorittar er sjøen rundt fuglefjellet Runde. Her er det opent mot havet og ein kjem tett innpå fuglane som hekker der. Ute ved øya er det også spesielle bølgeforhold som gjer det spennande og utfordrande å padle. Blant anna kan ein få dønningar frå fleire kantar, fordi sjøen treff klippane og deretter kjem ut att mot sjøen.

Runde er eit noko meir krevande område, der ein bør ha ein del erfaring med kajakking og være god på redning. I tillegg bør ein padle i lag med andre heller enn aleine.


Valldal og Tafjorden
I tida som guide i Valldal Naturopplevingar har Olea óg fått augane opp for Valldal og Tafjorden som ein padledestinasjon, og ho meiner at det å padle innover Tafjorden er ei heilt spesiell oppleving.

– Her kan ein også oppleve fjorden saman med andre på ein guida tur.

Sjølv om Tafjorden er ein del av verdsarvområdet på lik linje som Geiranger, er staden mykje mindre besøkt av turistar, og det er derfor god plass til å nyta utsikta på fjorden.

Kajakking i Hjørundfjorden
Hjørundfjorden: Dersom du padlar fra Hjørundfjorden og innover i Norangsfjorden kan du nyte lunsjen din med utsikt over Slogen. (Foto: Norway Adventures)

Hjørundfjorden
- Ein av plassane eg framleis ikkje har hatt moglegheiten til å padle, men som står høgt på ønskjelista mi, er Hjørundfjorden, seier Olea.

Hjørundfjorden er omgitt av storslått natur og høge fjellsider på alle kantar. Frå Urke kan ein anten padle utover og inn i Hjørundfjorden, eller vidare innover i Norangsfjorden. Inne i Norangsfjorden kan ein blant anna nyte utsikta over Slogen og ta ein lunsjpause før ein padler tilbake.

Olea Valldal kajakk kurs
Padleglede for alle: Med eit kurs i havpadling kan du óg ta del i den opplevinga det er å padle langs kysten og i dei norske fjordane. (Foto: Oddgeir Visnes)

Her kan du delta på padlekurs og guida kajakkturar på Sunnmøre


Valldal Naturopplevingar
Valldal Naturopplevingar Held til i Valldal og tilbyr kurs i havpadling og guida turar i Valldal og Tafjorden. Kursa passar både for nybyrjarar, og for den som allereie har noko erfaring. Les meir om Valldal Naturopplevingar her.

– Om du lurer på om padling er noko for deg, er det fint å begynne med eit introduksjonskurs hav. Det er eit firetimarskurs der du får ei innføring i havpadling. Dersom har du padla litt frå før, eller ønskjer ei grundigare innføring i kajakking, kan eit grunnkurs være noko for deg. Det er eit kurs der ein går meir i djubda i padleteknikk, fortel Olea, som i år er guide og kajakkinstruktør i Valldal Naturopplevingar.


Norway Adventures

Norway Adventures held til i Hjørundfjorden og tilbyr guida kajakkturar i Hjørundfjorden og inn i Norangsfjorden. Les meir om Norway Adventures her.


Uteguiden

Uteguiden held til i Ålesund og Stranda. Dei tilbyr kajakkutleige og guida turar i Ålesund, Storfjorden og Geirangerfjorden. Les meir om Uteguiden her.

Geiranger Fjordservice
Geiranger Fjordservice held til i Geiranger og tilbyr guida turar i Geirangerfjorden. Les meir om Geiranger Fjordservice her.