Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Snøsikkert mekka for skientusiaster

Skisenteret i Stranda har kanskje Skandinavias beste frikøyringsområde, er kåra til Noregs løssnøparadis, og kan by på heile 18 nedfartar og sju skiheisar. Det har heller aldri vore enklare å kome seg dit, for no kan du ta både skibuss og skibåt frå Ålesund.

Strandafjellet er eit snøsikkert mekka for skientusiastar i alle aldrar, og dei sju skiheisane, barneparken, terrengparken, og gondolen er berre noko av av det Stranda Skisenter har å by på for både barnefamilien og skibomsen. Å kome seg til Stranda har heller aldri vore enklare, for fram til midten av april finnst det både skibåt og skibuss som tek deg direkte til skibakken.

Skandinavias beste frikøyringsområde

Stranda Skisenter kan skilte med heile sju heiser, skiband, barnepark og terrengpark. I tillegg sørger dei 18 nedfartane og kanskje Skandinavias beste frikøyringsområde for at vinterentusiastar i heile familien får dekka sine behov.

Snøproduksjonsanlegget i skisenteret sørger for at Stranda er snøsikkert, og delar av anlegget har flomlys, slik at du kan kose deg i bakken også på kveldstid.

For den som føretrekkjer langrenn, kan ein glede seg over at skisenteret har totalt 25 kilometer preparerte turløyper og eit fantastisk turterreng.

(Artikkelen fortsetter under relaterte saker/​opplevelser)

Opplev mer

Se flere opplevelser

Gondolheis til 1062 moh

Stranda har sidan opninga i 1957 vore ein populær utfartsstad for å stå på ski i Møre og Romsdal, og merksemda omkring Strandafjellet vakna verkeleg etter at den 2.100 meter lange Roaldheisa opna for fem år sidan.

Gondolen tek gjestar til toppstasjonen på 1.062 moh på sju minutt. Der kan gjestane køyre ned dei preparerte løypene, få ein tjuvstart på ein topptur vidare innover fjellet, ete i restaurant Fjordpanorama, eller berre nyte utsikta. Og utsikta er verkelig spektakulær. Frå toppen kan ein i fugleperspektiv nyte ei 360 graders utsikt over Storfjorden, UNESCOs verdsarvområde og fjordbygda Stranda.

Gratis skibuss til Strandafjellet

Kvar laurdag og søndag fram til 19. april kan du reise med i ein gratis skibuss frå Ålesund, som fraktar deg heile vegen til Strandafjellet og tilbake om kvelden. Skibussen har avreise frå Ålesund Rutebilstasjon kl. 08:45 og innan kl. 10:15 er du klar i bakken. Bussen har avreise frå Strandafjellet 16:10 og du er tilbake i Ålesund kl. 17:40.

Bussen er gratis, men du må booke billett på førehand og alle passasjerar over 15 år må betale egen fergebillett.

Les meir og bestill billett til skibussen her.

Sjå video om det nye cruisekonseptet "Ski & Sail" under:

Frukost og afterski på Storfjorden

Sesongens skibåt med MS Bruvik er igong, og kvar helg fram til midten av april kan du også få med deg denne unike opplevinga. MS Bruvik har plass til 80-100 passasjerar, og dei neste vekene er båten transportmiddel, frukostrestaurant og after ski-arena for alle som lengtar etter skikkeleg med snø under skia.

Båten har avreise frå kaia ved bussterminalen i Ålesund kl. 08 om morgonen, og på kaia i Stranda blir gjestane henta med buss og frakta opp til Stranda skisenter. Om lag klokka 10.35 er du klar for eventyr og opplevingar i bakken.

Når heisane stenger kl. 16 er det berre å kome seg i bussen som går til MS Bruvik. Båten forlet kaia kl. 16.30, og på turen til Ålesund blir det servert middag. Då er det berre å nyte heimturen anten du vil ha ein roleg eller meir livleg afterski. Du kan planleggje kvelden vidare utifrå at du er framme i Ålesund mellom kl. 19:00 og 20:00.

Billettprisar til skibåten

Pris med dagskort: 1550 kr
Pris uten dagskort: 1190 kr

Dersom ein dag i skianlegget ikkje er nok, kan ein også velje å overnatte på Stranda Hotell, og ta båten tilbake dagen etter. Bestiller du overnattinga gjennom Cruise Service er heiskort til dag nummer to inkludert.

Pris for overnatting Stranda Hotell:
Enkeltrom: kr 985,- per døgn inkl. overnatting, frukost og heiskort
Dobbeltrom: kr 1300,- per døgn inkl. overnatting, frukost og 2 x heiskort.

Bestill billettar og les meir om Ski & Sail her.

Sjå fleire vinteropplevingar i Ålesund og på Sunnmøre på visitalesund.com.

Se flere

Ski & Sail

- 08:00: Avreise frå Ålesund sentrum.

- 08:00 — 10:15: Frukostservering og båttur til Stranda

- 10:15 — 10:35: Ankomst Stranda, og transport med buss til Stranda Skisenter*.

- 16:00: Heisen stenger og gjestane blir transportert med buss til båten.

- 16:30: Avreise frå Stranda.

- 16:30 — 20:00: Middag og afterski på veg tilbake til Ålesund.

*Heiskort er inkludert i billetten