Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk
Ålesund Solnedgang Høstfarger Sunnmøre

Fjordcruise langs Sunnmørskysten

Frå Skateflukaia midt i Ålesund sentrum kan du legge ut på eit opplevelsesrikt fjordcruise. Hurtigbåten som går imellom Ålesund og Stad byr på flotte naturopplevingar, og er ei perfekt dagsutflukt saman med familie og vener.

Fjordcruiset med hurtigbåten Gabriele går frå Skateflukaia i Ålesund kl 11:30 alle kvardagar fram til til 30. september, og rundturen frå Ålesund til Stad og tilbake tek omtrent seks timar. Du kan også benytte anledninga til å hoppe i land i ei av hamnene kor båten stoppar. Her kan du lese meir om nokon av stadene og hamnene du kan sjå og oppleve.

Se flere

Jugendstilbyen Ålesund

Bruk gjerne ein dag ekstra for å utforske den vakre jugendstilbyen Ålesund, som er kåra til ein av Europas vakraste byar. Det kan anbefalast å vandre langs Brosundet, gå opp trappene til utkikkspunktet Aksla eller besøke ein av byens restaurantar for å nyte eit måltid fersk sjømat.

Se flere

Småbyferie i Fosnavåg

Fristar det kanskje med ei natt på eit av dei beste hotella i landet? Thon Hotel Fosnavåg i Herøy kommune ble opna i 2014 og kosta rundt 400 millionar å bygge. Hotellet ligg idyllisk til heilt nede ved sjøkanten og har eigen skipssimulator, konsertlokale og kino.

Den lille byen Fosnavåg med rundt 3500 innbyggjarar blei i 2010 kåra til Norges Næringsby. Sjøfart og fiske er store industriar her, og byen er hovudbase for fleire store rederi. Hovudgata er bilfri og tilbyr ein rekke små lokale butikkar og kaféar. Her er også eit populært badeland, og ein liten halvtimes biltur frå Fosnavåg finn du mellom anna gourmetrestauranten Kami Skotholmen og den kjende fugleøya Runde.

Fosnavåg er ein perfekt stad å besøke om du har lyst på ein liten småbyferie litt utanom det vanlege.

Se flere
Foto: VIND i luggen

Vind i luggen i Sandshamn

Rett nord for Stadtlandet stoppar båten i Sandshamn på vakre Sandsøya. Her kan du oppleve ei heilt spesiell natt under stjernene i hengekøyecampen «Vind i luggen». I dei gamle hjellane her heng det ikkje lenger fisk, området er no omgjort til ein heilt spesiell hengekøyecamp.

Her kan du også sjå endå litt lengre ut i horisonten ved å komme deg opp i høgda, heile sju gongar. Sjutoppsturen er ein populær tur på øya som går over sju toppar. Turen er 15 kilometer lang med omlag 1000 høgdemeter totalt.

Hardt farvann

Hurtigbåten stoppar i Leikanger på Stadtlandet før den startar turen tilbake til Ålesund. Den værutsatte halvøya er spesielt kjend for havstykket som kan gjere sjøl den meste erfarne sjømann "litt" uggen.

Med sine krittkvite strender og store bølgar er Stad blitt eit drøymeland for surfarar på jakt etter den perfekte bølga. Man kan også besøke Vestkapp, det regnes som det vestligste fjellplatået i Norge.

Midt på Stad ligg Dragsundet, navnet stammar frå dei utallige båtane som er blitt drege over land for å unngå det farlige farvannet. Historia fortel at sjølv Vikingane drog skipa sine over Dragsundet. Stad seiast å være det farlegaste havstykket langs norskekysten. For å unngå det farlege farvatnet planlegges det å byggje verdas første skipstunell her.

Mange moglegheiter med fjordcruise

Hurtigbåten stoppar også i havnane Larsnes, Kvamsøy og Åram ved signal. Ønskjer du ein lengre tur, kan man frå bygda Selje på Stad ta hurtigbåt vidare heilt til Bergen. Ein fantastisk måte å reise på!

Sjå prisar og avgangar, og bestill billettar her.

Se flere