Opplev Runde/Runde Miljøsenter Overnatting
Opplev Runde har leilegheiter og rom for overnatting, vegg i vegg med besøkssenteret på Runde Miljøsenter. Leilegheitene er moderne og inneheld fullt utstyrt kjøken, baderom med dusj, eit tomannsrom, eit enkeltrom, og dobbel sovesofa på stova. Ein kan sjølv velje om ein vil leige ei heil leilegheit, eller eitt eller fleire rom. Leilegheitene er utstyrte med fjernsyn og trådlaust internett. Sengklede og vask er inkludert i prisen.
Leilegheitene ligg fint til i terrenget, og har god utsikt. Om sommaren kan ein studere fuglelivet frå stoveglaset, om vinteren kan ein la seg fascinere av bårene som bryt mot skjera rett nedanfor. Ei leilegheit her er ein fin base for turar til sjøs og til lands. Besøkssenteret ligg like ved hamna. Der i frå går det guida båtturar rundt øya kvar dag i sommarhalvåret. Ein båttur gjev ei unik og nær oppleving av livet i fuglefjellet. På Runde er det også svært gode moglegheiter for fotturar. Over heile øya er det gode, oppmerka stiar. Ein kan til dømes ta ein tur ut til Runde fyr, eller studere fuglekoloniane frå fjellkanten. Etter ein lang dag med naturopplevingar, kan ein trekkje seg tilbake til si eiga leilegheit.
Møre & Romsdal / Herøy / Runde
Bli bedre kjent med Møre og Romsdal — Vår
-
Toppturfolkets favoritter
Utforsk det spektakulære fjordlandskapet, og den uberørte naturen på Vestlandet. Her får du toppturfolkets favoritter!
-
Jugendstilbyen på Vestlandet
Vakre Ålesund byr på lokale råvarer, kultur, attraksjonar og unik arkitektur — anten du skal på helgetur med kjærasten, vener eller om du vil ha litt…
-
Byen med fire land
Du har kanskje hørt gjetord om klippfisk og opera, men byen ytterst ved Atlanterhavet har mer å by på enn salt fisk og klassiske toner.
-
Barnas Møre og Romsdal
Bli med på en spennende oppdagelsesferd i Møre og Romsdal. Badeland, besøksgårder, klatring, fjelltur eller zipline – her er våre beste tips til…
-
Med hengekøye i Møre og Romsdal
Her kan du slappe av til fjordutsikt i verdensklasse. Hengekøye har gjort et kanoncomeback og blitt mer populær enn noen gang. Her er de beste…