Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Mulevika

© Iselin Nevstad Øvrelid
04/06/2021

Mulevika er ei vik eller lita bukt sørvest på Nerlandsøya i Herøy i Møre og Romsdal.

Vegen gjennom Kvalsvik grunnkrins, endar i ein snuplass eit stykke oppom, slik at det vert ein rimeleg bratt nedoverbakke for å kome ned til sjøen.

Mulevika er ein populær badestad, ikkje minst grunna fin sand og store bølgjer. Mengda med sand kan variere stort frå år til år, då dønningane frå Atlanterhavet av og til vaskar den vekk, og av og til skyl sanden innatt.

Se mer: Sted i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Herøy / Nerlandsøy