Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Guida omvisning på Runde Miljøsenter

© Per Eide
© Per Eide
© Per Eide

Priser

  • Student /senior
    NOK 105,00
  • Barn 2-12 år Barn 4-15 år
    NOK 85,00
  • Voksen Vaksen
    NOK 135,00
22/04/2020

Skal du på fuglefjellet eller ønskjer å lære meir om fugleøya Runde så oppmodar vi til eit guida besøk med oss. Her kan du sjå filmar om mektige naturfenomen, kome tett på sjøfuglane i utstillinga og utforske Rundeskatten som vart henta opp frå sjøen i 1972. Etter nesten 300 år på sjøbotnen rett utanfor Runde.

Bestiller du guida omvising i utstillinga vert du med på ei innhaldsrik reise. Du får høre om den imponerande historia om forliset av Akerendam i 1725 og gullskatten som vart funnen av dykkarar i 1972. Guiden tek deg også med rundt i utstillinga blant alle sjøfuglane som hekkar på Runde. Veit du kanskje kor mange egg ein lundefugl legg om året? Om du ikkje gjer det, så kan guiden fortelje deg om det.

Billetten er gyldig for den dagen og til det klokkeslettet han vert bestilt. Vi viser film i auditoriet heile dagen, så her er det berre å høre med guiden når neste framsyning startar.

Se mer: Aktiviteter i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Herøy / Runde