Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Charterbåt til Runde Miljøsenter

© Knut Werner Alsén
© Knut Werner Alsén
22/04/2020
Runde Miljøsenter sin eigen charterbåt "Lophelia" (35 fot/35 knop) tek inntil 12 passasjerar.

På bestilling hentar og bringer vi besøkande frå Ålesund Lufhavn Vigra og Ålesund sentrum. Begge turane tek om lag 45 minutt. (NB: Ved henting på flyplassen legg til ved Valderøy hurtigbåtkai som ein når med buss frå flyplassen.)

"Lophelia" tilbyr også guida turar til fuglefjellet på Runde. Ein tur rundt øya gir ei fantastisk oppleving av livet i fuglefjellet. På dagtid er dette den absolutt beste måten å sjå lundefuglen på. Av andre artar ein ofte ser kan nemnast havørn, storjo, toppskarv, krykkje, lomvi, havhest og steinkobb.

Ein passerer også staden der Rundeskatten vart funnen av dykkarar i 1972. Turen gjer seg godt både åleine og i kombinasjon med transport til/frå øya.

Alle båtturar må avtalast på førehand, og skjer med atterhald om veret.

Se mer: Aktiviteter i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Herøy / Runde