Fyr, fisk og friske fjellturar
Har du behov for eit avbrekk frå kvardagen i haust, kan du ta turen til Ålesund og Sunnmøre. Her kan du oppleve alt frå fyr og fisk til friske fjellturar.
Vakre fjordar, mektige fjell, landlege perler, kulinariske sjømatopplevingar, trivelege hotell og attraksjonar for heile familien. Det er ikkje tilfeldig at Ålesund og Sunnmøre er blant dei mest besøkte turiststadane i Noreg.
Ålesund, med sine 45.000 innbyggjarar er den største byen i Møre og Romsdal. I jakta på dei flottaste hamnebyane i Europa, blei National Geographic sjarmert i senk av ville og vakre omgjevnader, og Ålesund blei dermed kåra til ein av dei seks vakraste hamnebyane i heile Europa. Sunnmørsbyen er også kåra til Norges vakraste by av Dagbladet sine lesarar og den britiske avisa The Times.
Her er nokon av dei trivelige opplevingane Ålesund og Sunnmøre har å by på. SJÅ VIDEO:
Atlanterhavsparken
Den imponerande Atlanterhavsparken ligg idyllisk til ved sjøkanten på Tueneset, like utanfor Ålesund sentrum. Akvariet er eit av Nord Europas største og mest unike anlegg, og er kåra til Nordens beste akvarium to gonger på rad. - Hausten er ei perfekt tid for å besøke akvariet. Vi har blant anna eit eige tema no i haustferien, nemleg krabbe. Vi gjennomfører ulike aktivitetar og det blir servert krabbesuppe i kafeen. Det blir også ein eigen stand der ein får smake og lære å reinske krabben, fortel Britt Giske Andersen ved Atlanterhavsparken i Ålesund.
Natt i akvariet
- I haust arrangerer vi også "Natt i Akvariet" den 22. november. Dette er eit kveldsarrangement som vi berre har to gonger i året. Vi sløkkjer lyset og plutseleg er alt forandra i akvariet. Gjestane har med seg lommelykt, og vi byr på mange spennande aktivitetar undervegs. Kvelden blir avslutta med eit spektakulært nattdykk i stortanken. Vi har godt over 1.000 besøkande inne på ein slik kveld, og det er eit svært populært arrangement, fortel Giske.
Fjordcruise til Geiranger
Tek du sjøvegen til Geiranger med eit fjordcruise frå Ålesund til Geiranger, får du oppleve verdsarv og norsk fjordlandskap på sitt aller beste. På fjordcruiset vil ein i tillegg til å kome tett på stupbratte fjellsider, også sjå dei fråflytta fjordgardane, høyre fascinerande historier om dei som faktisk budde «der ingen skulle tru at nokon kunne bu», og sjå dei kjende fossane «Dei syv søstre», «Brudesløret» og «Friaren». Fjordcruiset har avgangar onsdag, fredag og søndag ut oktober. I haustferien frå 4. – 13. oktober reiser barn under 15 år gratis.
Hakallegarden
Det gir ei heilt eiga ro å ha nærkontakt med dyr, og på Hakallegarden i Vanylven kan du treffe både hestar, kattungar, ullgris, alpakka og mange andre søte skapningar. På besøksgarden kan du oppleve livet på landet, og året rundt kan både store og små ta turen til den flotte Hakallestranda. Her kan du bli betre kjent med dei firbeinte, ta ein matbit i den koselege kafeen, kjøpe spanande interiørprodukt og mjuke alpakkasokkar.
Experience more
Valldal Aktivitetspark
Dersom været er fint, kan du ta med deg heile familien opp i trea i Valldalen. Høgdeskrekk er nemleg inga hindring for ein dag i klatreparken. Som einaste klatrepark i Møre og Romsdal kan Valldal Aktivitetspark vise til heile 1.150 meter med klatreløyper montert oppe i tre og stolpar. Løypene er tilpassa ulike aldrar og ferdigheiter. Aktivitetsparken er idyllisk plassert på Hjelme, rett ved elva Valldøla. Den vesle bygda ligg ein halvanna times biltur frå Ålesund, mellom dei to store turistattraksjonane Trollstigen og Geiranger.
Smak Europas beste klippfisk
Noreg er ein sjømatnasjon, og Ålesund er ofte omtala som fiskerihovudstaden. Hos XL Diner på Skateflukaia i sentrum kan ein smake det som mange meiner er Europas beste klippfisk. Restauranten trekker til seg besøkande frå heile landet, og serverer heile 20 tonn med klippfisk årleg, noko som gjer dei til Europas største klippfiskrestaurant.
Kjøkenet på XL Diner er ein attraktiv stad for dei ypparste matlagarane i verda. Hit kjem Michelin-kokkar for å lære og hente kunnskap om klippfisk. Menyen her er inspirert av både Sør-Amerika og Sør-Europa, men held også ein knapp på klassiske og kjære bacalaorettar frå nord-vest i Norge. Elles er det også mange andre gode restaurantar i hamnebyen Ålesund som har spesialisert seg på sjømat - mellom andre Apotekergata No. 5, Sjøbua, Zuuma eller Bro - som serverer sunnmørsk kystgastronomi. Ein annan kulinarisk oppleving du ikkje vil gå glipp av er Apotekergata No.5, som har det dei sjølv omtalar som ein topografisk meny med innslag fra både elva, åkeren, hagen og fjorden.
Alnes opplevelsessenter
Ein kombinasjon av vakker natur, eit flott tilrettelagt kulturminne og den unike nærleiken til havet har gjort Alnes Fyr til ein turistmagnet. I 2016 opna Stiftelsen Alnes Fyr eit nytt opplevingssenter på Alnes. Det nye senteret har open kafé heile året med heimelaga kaker og tradisjonsmat frå kysten, samt eit flott galleri for kunst. Fram til 2. november er det kunstutstilling med Sara Elisabeth Tunheim, og eit par utvalgte kunstverk er også til sals. Kystverket har også ei eiga utstilling i kafeen som viser dagens aktivitet. Alnes Fyr har lett tilkomst frå Ålesund, og køyreturen tek knappe 20 minutt.
Ta padleåra fatt
Hausten - før både vatnet og veret blir for kaldt - er ei flott årstid for å ta seg ein padletur, og Sunnmøre er eit padleeldorado for den som er interessert i kajakking. For den som ikkje allerede reiser rundt med kajakk på taket av bilen er det fleire stader på Sunnmøre ein kan få leid ein kajakk, ta eit kurs i havpadling eller vere med på ein guida tur i skjærgarden eller i ein fjord. Blant anna tilbyr Valldal Naturopplevingar utleige, kurs i havpadling og guida turar i Valldalen og Tafjorden. I Hjørundfjorden finn du Norway Adventures - som tek deg med på tur inn i Norangsfjorden - og i Stranda og Ålesund kan du leige ein kajakk med Uteguiden eller vere med på ein tur i Storfjorden, Geirangerfjorden eller sjå Ålesund frå eit nytt perspektiv.
Barnas Lekeland
I Ålesund kan dei minste barna utfolde seg i eit storslått innandørs leikeland, med spanande aktivitetar og hinderløyper. - Barnas Lekeland i Ålesund er Nordvestlandets første og største innandørs aktivitetshus og leikeland, ein sosial møteplass for små og store, fortel gründer og daglig leiar Ann Kristin Angelsen. Her kan barna nyte leik og moro i trygge omgjevnadar, medan dei vaksne slappar av med nykverna kaffe og fristande rettar. Barnas Lekeland Ålesund ligg sentralt plassert i Spjelkavika, kun to minutt frå kjøpesenteret Moa.
- I år har vi 10års-jubileum i Ålesund, og det skal vi sjølvsagt feire i løpet av hausten, fortel Angelsen. I haustferien har Barnas Lekeland åpent kvar dag.
Byfjellet Aksla
Dersom du oppheld deg i Ålesund sentrum, vil du kunne sjå den mest besøkte turiststaden: Fjellstua og byfjellet Aksla. Frå byparken kan du gå 418 trappetrinn opp til det flotte området. Utsiktspunktet «Byrampen» ligg midt i leia for dei populære trappetrinna. Det nye utkikkspunktet stikk rett ut i som eit stupebrett, og gir deg ei luftig oppleving. På toppen av Aksla troner Fjellstua. Her er det kongeleg utsikt over alt det Sunnmøre har å by på. Fjellstua er den eldste serveringsstaden i Ålesund. Hit kjem folk frå alle kantar av verda for å nyte mat, drikke og den fabelaktige utsikta. Byfjellet har også eit flott turområde som ein kan nytte seg av.
Shopping og handlemoglegheiter
Devoldfabriken i Langevåg er ein litt annleis shoppingstad med mykje kultur. Her finns det fleire restaurantar, kafear, museum og eit bredt utval av ulike outlet-butikkar. I ein outlet-butikk blir fjorårets kolleksjon og vareprøver frå årets kolleksjon selt til sterkt reduserte prisar. Andre shopping- og handlemoglegheiter finns også i Ålesund sentrum og på Moa, som er det største kjøpesenteret på nordvestlandet.
Toppturar og fjellturar
Det sunnmørske grunnfjellet blei danna i jorda si urtid. Sidan då har istider gjennom millionar av år grave ut fjordar og dalar, og lagt igjen eit storslagent område fylt av tindar og toppar. Samspelet mellom Hjørundfjordbreen og dei ulike sidebreane har forma dei ville Sunnmørsalpane, og fjella stuper loddrett i fjorden frå 1.500-1.700 høgdemeter.
Sunnmørsalpene er eit fantastisk utgangspunkt for toppturar og fjellturar om hausten. Fjella byr på alt frå enkle ruter og merka stiar i flate dalar - til meir utfordrande klatreruter i fjella. Turane kan man gå på eigenhand eller saman med lokale turguidar.