Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Valldal Safteri

Gamle syltegata
© Valldal Safteri
22/04/2020

Saft og syltetøy er laga av frukt og bær dyrka på gardane i området. Norddal er ein landbrukskommune med rike tradisjonar for å dyrke frukt og bær. Her ligg grenda Linge vakkert ned mot fjorden – ingen stad i verda blir det drive profesjonell fruktdyrking så langt nord, og eple, plomme og kirsebær frå Linge finn du i produkta våre.

I Valldal er det dyrka jordbær i over 100 år, og bygda er ein av dei viktigaste produsentane av jordbær til konservesindustrien i Noreg. Over 50 prosent av bæra som går til syltetøy og andre forbrukarprodukt, kjem frå Valldal.

Du finn sjølvsagt kvalitetsjordbær frå Valldal i produkta våre, og den gode bringebæra kjem frå Valldal og bygdene rundt. Rips og solbær kjem frå hagane i kommunen, medan blåbæra er plukka i skogar og utmark.

Kom innom butikken vår i Gamle Syltegata, så byr vi på heimelaga is og oppkvikkande kaffi. Er du heldig, har vi ferske,
belgiske vaflar på menyen også – eller norske vaflar med jordbærsyltetøy eller bringebærsyltetøy, naturlegvis!


Se mer: Aktiviteter i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Fjord / Valldal