Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Storfurua i Reindalen

22/04/2020
Etter siste istida, var klimaet svært mildt, truleg snødde det knapt nok i området. Det vaks då stor furuskog langt opp i høgfjellet. Men verlaget endra seg og ei stor skogøyding kom i tillegg ved at ein hogg eller brende skogen for å bli kvitt rovdyr og omstreifande fant. Særleg på 1500-talet vart furutrea tekne til eksport. I "hollendartida" dreiv ein ei storstilt sagbruksdrift, berre i Reindalen i Tafjordfjella var minst to sagbruk, (det eine er bevart) og her finst også spor etter den eldgamle tjørebrenninga. <br><br>
I Reindalen kan ein framleis sjå restane av storskogen heilt opp mot 850 meters høgde. Der står mellom anna den no freda tusenårige Storfurua som er meir enn 4 meter i omkrins.<br><br>
For å kome til Reindalen kan ein fylgje god, merka rås frå Zakariasvatnet. Turen tek om lag 2 t ein veg.

Se mer: Attraksjoner i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Fjord / Tafjord