Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Pyttbua

© Ålesund-Sunnmøre Turistforening
22/04/2020

Pyttbua ligg høgt og fritt på ein sandmorene i øvre del av Puttbudalen, omgjeven av stolte fjell som Karitind (1982 moh), Høgstolen (1760 moh) og Puttegga 1999 (moh). Hytta er sjølvbetent med proviantlager og låst med DNT-nøkkel. Hytta har 51 senger, inklusive sikringsbu like ved hovudhytta. Steinbua er restaurert til hundehus med tre køyer og to bur.



Merk at hytta er stengt i mai av omsyn til reinkalving i området.




Tilkome: Ved Stuguflåten i Romsdalen (E 136) tek du av til Brøstegårdene og vidare opp Brøstdalen på bomveg til Tunga bru. Derifrå traktorveg til Tunga seter, og vidare på merka sti opp Puttbudalen eller Tunga (ca 3-4 timar). Parkering på Kabben seter eller Tunga, om vinteren ved Brøste.




Alternativt rute frå Reindalseter gjennom Øvste Reindalen, nord for Puttegga til Pyttbua, eller frå Veltdalshytta via Kariløyfti og Radiovatnet til hytta.




Fra Pyttbua går det også rute til Torsbu (eigd av DNT Oslo og Omegn), over Hellarhøene og på austsida av Torsvatnet. Til Vakkerstøylen går det ei sommarrute over Tungerøtene og bratt ned til Ulvådalsvatnet, der det er utlagt robåtar, slik at du kan krysse vatnet.


Se mer: Overnatting i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Fjord / Tafjord