Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Petrines Gjestgiveri — restaurant

©
©
©
© Petrines Gjestgiveri AS
©

Åpningstider

aug. 31, 2016 - des. 18, 2016

Priser

  • Restaurant Vi serverer ein fast tre-rettar middag kvar dag kl 18 og 20.
    NOK 230,00 - 425,00
  • Restaurant
    NOK 95,00 - 425,00
22/04/2020

Petrines Gjestgiveri har ein liten restaurant med heimekoseleg atmosfære. Vi baserer menyen vår i hovudsak på lokale og regionale råvarer. Nokre gongar lagar vi tradisjonelle rettar, men like ofte har maten vi lagar ein meir moderne stil. Uansett ønskjer vi å tilby noko spesielt som representerer bygda og nærområdet vårt.

Alt etter sesong har vi rettar av vilt, kje (geitekilling), lam, Herdalskre (småørret frå Herdalsvatnet) og anna fisk på menyen. På dessertbordet finn du heimelaga kaker og terter på bær og frukt frå bygda. Himmelsk god bringebær- eller eplesaft produsert rett rundt svingen frå Petrines smakar fortreffeleg til maten, viss du vil ha alkoholfri drikke til måltidet.

Frukost vert servert kl 8-10, lunsj kl 13-17 og middag kl 18-21 kvar dag i høgsesongen 10. juni - 30. august. Bordbestilling er naudsynt til middag både om du bor hjå oss eller berre vil kome innom for å ete. Til lunsj er det fint om de seier ifrå om det kjem meir enn 6 personar i ei gruppe.

Se mer: Aktiviteter i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Fjord / Norddal