Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Herdalssetra

© John Fylling
© DGT/Kjell Hansen
© Åshild Dale/Herdalssetra
© Åshild Dale/Herdalssetra
© Åshild Dale/Herdalssetra
© Åshild Dale/Herdalssetra
© Åshild Dale/Herdalssetra

Priser

  • Bompenger Vinterstengt
    NOK 50,00
  • Bompenger Vinterstengt
    NOK 400,00
22/04/2020
Den vakre Herdalen med Herdalssetraligg 500 m.o.h opp frå bygda Norddal og innanfor UNESCOs verdsarvområde.

Køyreturen opp etter bomveg (10 km) er bratt og fascinerande med fleire fossefall til ein når Herdalsvatnet, som strekkjer seg om lag 2 km innetter dalen.

Naustrekkja ved vatnet byr på informasjon om natur og kultur i det verna landskapet, der ei enkel utstilling i eitt av nausta har særleg fokus på ferdsel og utmarksnæring i tidlegare tider.

Vegen går langs vatnet, og i enden breier grassletter seg utover den vide dalbotnen. I enden av desse slettene ligg den unike Herdalssetra, som dannar ei tett klyngje med over 30 gamle seterhus. I tillegg finst fleire hustufter etter tidlegare gards- og seterdrift.

Dette er ei av dei største fellessetrene for geit her til lands, og her har det vore ein ubroten setertradisjon i over 300 år. Her kan ein få smaksprøvar av geitosten og geitmjølk-karamellen som blir laga på gamlemåten. Å rusle mellom dei gamle bygningane, drage inn frisk fjelluft og angen frå beitande dyr gir ro i sinnet.

Bak setra ruver fjellet Hereggja (1557 m.o.h.) steilt til vers, og landskapet inviterer til fjell- og fisketurar. Det er høve til å overnatte i seterhusa, kjøpe fiskekort og leige båt på vatnet. Setra har også sin eigen, enkle seterkafé med servering av rømmegraut og spekemat gjennom sommaren.

Se mer: Attraksjoner i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Fjord / Norddal