Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Gudbrandsjuvet

© Øyvind Heen - Visitnorway.com
© Magne Flemsæter/Statens vegvesen
22/04/2020

Gudbrandsjuvet er eit 5 meter smalt og 20-25 meter høgt juv som elva Valldøla presser seg gjennom. Juvet ligg lett tilgjengeleg ved riksveg 63 mellom Valldal og Trollstigen. Vatnet har forma eit system av djupe jettegryter og finurlege formasjonar. Der er omlag like djupt under vassoverflata som det er høgt over.

Etter ei segn på 1500-talet er juvet oppkalla etter mannen Gudbrand som stakk av med ei brud, og redda seg frå forfylgjarane ved å hoppe over juvet der det er smalast. Gudbrand vart lyst fredlaus og levde resten av livet i ei steinhytte i ein av sidedalane ovanfor Gudbrandsjuvet. Denne dalen vert kalla Gudbrandsdalen den dag i dag. Men segna fortel ingeting om han fekk med seg bruda over juvet eller ikkje.

Se mer: Attraksjoner i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Fjord / Valldal