Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Fundergata

22/04/2020

Busetnaden i bygda Tafjord ligg for det meste samla på eit res ved foten av sørfjellet, og har ein særprega "landsbystruktur" som liknar det ein ser i middelhavsland. Ein gatestubb der det står ei mengd kyrkjebuer, heiter Fundergata. I gamle dagar brukte folk som budde opp i fjelldalane desse buene til å skifte til kyrkjeklede og ete nista si, før dei rodde den lange vegen til Dale kyrkje. Namnet på gata skriv seg frå den gongen det vart drive handel der, m.a. med brennevin frå firmaet Christian Funder frå København. Cognac kom på eikefat, og fjøler med firma-namnet på, vart liggjande å slenge i gata. Slik kom den til å heite Fundergata.

Se mer: Attraksjoner i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Fjord / Tafjord