Gode historier fra Møre og Romsdal.
Ta deg tid, opplev mer.

Favoritter Søk

Fiske i Tafjordfjella

© Svein Ove Døving

Priser

  • Fiskekort
    NOK 250,00
  • Fiskekort
    NOK 150,00
  • Fiskekort
    NOK 50,00
22/04/2020

Det er eitt felles fiskekort for Tafjordfjella, som dekkjer alle vatna og elvane i eit omlag 150 km2 stort området med unntak av Onilsavatnet.

Følgjande vatn og vassdrag er inkludert i kortet:

Kaldhusvassdraget med vatna: Heimste Kaldhussætervatn, Fremste Kaldhussætervatn, Svarthølen, Illstigtjønna, Ivertjønna, Slettdalsvatn, Slettdalstjønna, Heimste Viavatnet, Fagerbotnvatnet, Fetvatn/Fitvatnet, Kolhøvatnet og Reindalsvatnet.

Øvste Rødalsvassdraget med vatna: Heimste og Fremste Rødalsvatnet, Heimste- og Fremste Viksvatnet, Skrådalsvatnet og Tjønna

Reindalsvassdraget med vatna: Zakakariasvatnet, Sildevatnet, Langvatnet, Glupsvatna, Øvre Hulderkoppvatnet, Nedre Hulderkoppvatnet, Heimste Smettevatnet, Fremste Smettevatnet, Midkupa, Brusebotnvatnet, Femånavatnet, Durmålsvatnet, Svarteggvatnet, Øvste Reindalsvatnet, Skjerveløypvatnet, Heimste og Fremste Isholvatnet, Heimste Småkoppvatna og Djupedalsvatnet.

Ver merksam på at Onilsavatnet ikkje er inkludert i kortet.

Eit godt utbygt stinett og fleire turistforeningshytter med seng og provint gjer området til ein fryd å ferdast i.

Kortsal:

- Alf Tafjord Landhandel, Tafjord, tel.: 70 25 81 22
- Tafjord Båthamn og Camping, Tafjord, tel.: 46 81 85 05
- Tafjord Camping, Tafjord, tel.: 97 55 15 35
- Kaldhusseter Turisthytte +47 70 25 81 18
- Reindalsseter Turisthytte +47 99 38 01 87

Se mer: Aktiviteter i Møre og Romsdal

Møre & Romsdal / Fjord / Tafjord