Familietur på UNESCO Tafjorden
Åpningstider
mai 01, 2021 - okt. 01, 2022
Priser
- Ungdom 12-16 år i dobbel kajakk
NOK 900,00 - Voksne (fra 16 år) Voksen (dobbel kajakk)
NOK 1250,00
Høgdepunkt
- Kajakktur på den ukjende og fredfulle UNESCO verdsarvfjorden Tafjord
- Lokal guide med djup kunnskap om historie, tradisjonar og Tafjordulykka
Ein 5 timars tur inn i hjartet av fjord-Noregs mektige natur- og kulturarv. Tafjorden er ein liten og smal fjord i enden av Storfjorden, som er kjend for sin enorme og unike natur og geologi. Grunna fjella sine formasjonar er Tafjord ofte skjerma for vind og vêr, og har fleire gongar blitt målt som varmaste staden i Noreg.
I tillegg til å ha ein heilt spesiell naturarv, er Tafjord som bygd og samfunn tufta på ei heilt spesiell historie; Tafjordulykka i 1934.
Sjå føre deg..
..at du legg deg for kvelden. Det er fyr i peisen og storfamilien er samla mellom slitne tømmerveggar. Det er ein vanleg kveld i april, og du har fått besøk frå familie og venner langvegs frå. Nokre stemmer i ein trall på trekkspelet, medan andre nyt gode samtalar. Det er god stemning, og de legg dykk med eit smil om munnen.
Kl. 03:10 vaknar du brått av ein kraftig lyd. Det er heilt mørkt ute, og du klarer ikkje heilt forstå kva som skjer. Du blir engsteleg, og går kanskje inn for å sjå om borna har vakna av bråket. Kanskje dreg du dei ut av huset i all hast? Kva gjer du? Lyden blir sterkare, og plutseleg treff ei 64 meter høg bølgje av iskaldt vatn i stor fart.
40 menneske mista livet denne dagen, og enda fleire vart skada.
Utan vegsamband, og med båtar strødd i tusen bitar på land var hjelpeløysa stor. Eit lite isolert samfunn fekk i fellesskap oppleve eit levande mareritt, som framleis, den dag i dag, set sitt preg på den vesle bygda Tafjord.
Denne turen er ei uforgløymeleg naturoppleving, og ei unik mogelegheit til å få eit innsyn i lokal historie innan kultur, industri, krig og kjærleik.
Møre & Romsdal / Fjord / Tafjord
Bli bedre kjent med Møre og Romsdal — Sommer
-
Jugendstilbyen på Vestlandet
Vakre Ålesund byr på lokale råvarer, kultur, attraksjonar og unik arkitektur — anten du skal på helgetur med kjærasten, vener eller om du vil ha litt…
-
Byen med fire land
Du har kanskje hørt gjetord om klippfisk og opera, men byen ytterst ved Atlanterhavet har mer å by på enn salt fisk og klassiske toner.
-
Barnas Møre og Romsdal
Bli med på en spennende oppdagelsesferd i Møre og Romsdal. Badeland, besøksgårder, klatring, fjelltur eller zipline – her er våre beste tips til…
-
Med hengekøye i Møre og Romsdal
Her kan du slappe av til fjordutsikt i verdensklasse. Hengekøye har gjort et kanoncomeback og blitt mer populær enn noen gang. Her er de beste…
-
Opplev den fargerike byen med fire land
Du har kanskje hørt gjetord om klippfisk og opera, men byen ytterst ved kysten har mer å by på enn salt fisk og klassiske toner.