Blåhornet — Kilstisætra
Startpunktet på Gjerdeneset ligg etter om lag 5 km køyring på kommunal veg mot Kilsti etter at du har teke av frå veg nr. 63.
Her startar skilta rås opp mot Kilstivatnet. Ein går langs vatnet framom ei båtstø. Det er mogleg å trille vogn opp hit ved å nytte grusvegen gjennom tunet på den fyrste garden etter parkeringsplassen.
Vidare frå båtstøa fylgjer ein skilta rås mot Ospahjellen. Det er jamn stigning på god rås mot toppen av Blåhornet (741 m.o.h). Merk at råsa deler seg like etter ei myr, mellom nokre bergrabbar. Her tek du til venstre mot toppen. Rekn ca. 1,5 timar opp med born.
Toppen byr på overraskande god utsikt og eit storslått panoramabilete over Norddalsfjorden med kringliggande bygder.
Råsa nedover mot Kilstisætra fylgjer den sørlege ryggen som utgjer kanten mot Verpesdalen. Råsa er bratt eit kort stykke og går nær stupkanten. Vel halvvegs til sætra kan ein ta av frå åsryggen og fylgje råsa ned til Verpesdalen om ein vil.
Kilstisætra var i drift fram til slutten av 1960-talet. Fire bruk på Kilsti og eitt nede i bygda sætra her. Den gongen vart mjølka rodd over vatnet når fjøsstellet var gjort, og boren ned til gardane. Mjølka til Andersgarden nede i bygda vart frakta med taubane (bygd 1938) frå ytste Kilsti. Sætreteigane vart óg slått så lenge det var sætring. Høyet vart køyrt til gards med hest og slede over isen om vinteren. Den fine sandvika nedanfor sætra skuldast at det på 60-talet vart vaska ut sand i området. Staden er ein ynda badeplass for dei aller yngste.
Returen til parkeringsplassen går på god rås i lett og idyllisk terreng langs nordaustsida av vatnet. Frå Gjerdeneset direkte til sætra reknar du ein knapp time med små born.
(Kjelde: Opptur Geirangerfjorden)
Møre & Romsdal / Fjord / Eidsdal
Bli bedre kjent med Møre og Romsdal — Vår
-
Toppturfolkets favoritter
Utforsk det spektakulære fjordlandskapet, og den uberørte naturen på Vestlandet. Her får du toppturfolkets favoritter!
-
Jugendstilbyen på Vestlandet
Vakre Ålesund byr på lokale råvarer, kultur, attraksjonar og unik arkitektur — anten du skal på helgetur med kjærasten, vener eller om du vil ha litt…
-
Byen med fire land
Du har kanskje hørt gjetord om klippfisk og opera, men byen ytterst ved Atlanterhavet har mer å by på enn salt fisk og klassiske toner.
-
Barnas Møre og Romsdal
Bli med på en spennende oppdagelsesferd i Møre og Romsdal. Badeland, besøksgårder, klatring, fjelltur eller zipline – her er våre beste tips til…
-
Med hengekøye i Møre og Romsdal
Her kan du slappe av til fjordutsikt i verdensklasse. Hengekøye har gjort et kanoncomeback og blitt mer populær enn noen gang. Her er de beste…