Destinasjoner
Årstider
Aktiviteter
Attraksjoner
valldal_aktivitetspark.jpg

Haustopplevingar i

Elleville Valldal

Tekst: Sigrid Skjerdal, Ingrid Kvande
Del: 

Midt mellom majestetiske Trollstigen og turistmagneten Geiranger ligg Valldal. Klimaet gjer at Valldal er kjent som jordbærbygda. Verdsarvfjorden, elva og fjella gjer også at ho er bygd for store naturopplevingar. 

Her er tips til aktivitetar i dette mini-Sunnmøre der bebuarane er opptekne av å gjere livet så spennande for gjestande turistar som mogleg - uansett kva nivå ein er på.

valldal_aktivitetspark_enkel.jpg

Lyst til på litt kribling i magen? I Valldal aktivitetspark er det både små og store utfordringar - noko for heile familien og folk i alle aldrar. (foto: Erlend Hjelme).

Valldal aktivitetspark 

For familiar på tur er Valldal aktivitetspark den perfekte stoppestaden. Med over 1400 meter med klatreløyper, finn både små og store høvelege utfordringar. Løypene inneheld ziplines og hinder av ulike vanskegradar. 
Parken er bygd rett ved elva, med utsikt mot dei spisse fjella. Med andre ord ein perfekt plass å ete eller grille ein medbragt lunsj. I tillegg til klatreløyper finn du hoppeputer, leikeapparat - og kanskje møter du eit troll? 
Aktivitetsparken er open kvar helg fram til 30. september. I haustferien 6.-14. oktober er parken open kvar dag. 

padle_tafjorden.jpg

Ein padletur på Tafjorden gir ro i sjela og er ei stor naturoppleving. (foto: Erlend Hjelme).

Padle på verdsarvfjorden Tafjorden

Opplev Tafjorden i kajakk! Sittande i kajakken helt nede ved vasskorpa, kan ein nyte stemninga der fjellsidene reiser seg rett opp på alle kantar, fossane brusar ned sidene og berre padleåra i vatnet forstyrrar stillheita. 
Er du heldig får du besøk av ei nise eller to, eller kanskje ei havørn vel å vise seg. Med Valldal Naturopplevingar kan du få profesjonell guiding på vegen. Og sjølvsagt - ein lunsj av lokale matvarer er obligatorisk på turane i dette området. 
For dei som vil ta kajakkpadlinga eit hakk vidare, blir det arrangert kajakkurs utover heile hausten. Perfekt for grupper med vener, familie eller kollegaer.

fjelltur_valldal.jpg

I dette området er nok av fjell, og turane strekkjer seg frå korte og lett tilgjengelege, til nasjonalt kjende toppar der det kan vere greitt med guide. Valldal gir moglegheiter for å oppleve fjellet på ulike måtar. (foto: Erlend Hjelme).

Guida fjelltur

Valldal Naturopplevingar tilbyr også fjellguiding på rundturar og toppturar av varierande lengde og avstand, både i området kring Valldal og rundt Trollveggen. Bispen ved Trollstigen er eit døme på utfordrande tur som er mykje lettare tilgjengeleg med guide.
Valldal har også mange fine akkurat-passe-lange fjellturar for familiar. Felles for turane er at dei byr på vakker utsikt enten over elva som buktar seg gjennom dalen, eller over Tafjorden og Storfjorden. 

Ein klassikar er Mefjellet, ryggen som strekk seg opp over Nysætra ved Fjørå. Frå Valldal køyrer du til Fjørå og opp til Hauge. Der set du att bilen på merka parkering, og følger grusvegen opp til Nysætra. Derfrå er det skilta til Mefjellet. Følg den godt merka stien opp ryggen, og nyt utsikta over Tafjorden på toppen! 

Se flere opplevelser
juvvandring.jpg

Gudbrandsjuvet ligg mellom Valldal og Trollstigen, og er eit 5 meter smalt og 20-25 meter høgt juv som elva Valldøla pressar seg gjennom. Her kan du få ei spektakulær juvvandring. (foto: Sigrid Skjerdal).

Juvvandring

Kjenn blodet bruse i årene når du hoppar i det blågrøne vatnet ved Gudbrandsjuvet! Nokre hundre meter gøymt vekk frå turistbussar og klikkande kamera, tek Valldal Naturopplevingar deg med på ei leiken løype rundt og i elva.  
Med sikringsutstyr, hjelm og våtdrakt får du eit eventyr du seint vil gløyme. Her finst det utfordringar som passar alle som er glade i bading, leik og moro. 

Smak på fruktbygda Valldal

Sjølv om jordbærsesongen er over, er det mykje søtt og fargerikt i Valldal-området. I frukthagane på Linge bugnar det av plommer og eple, og trea er blitt farga raude. Ein kan nyte utsikta til hagane medan ein køyrer gjennom dalen, og ein kan sjølvsagt også kjøpe av dei populære produkta. 

På Valldal safteri får du kjøpe og smake produkt laga av lokale frukt og bær. I tillegg finst det fleire lokale gardsutsal, der du kan kjøpe produkta direkte frå bonden som har produsert dei. Kortare reise får du ikkje på maten din! Ta ein tur innom Lingebakken der plommene heng modne på greinene.

valldal_sentrum.jpg

Valldal ligg åtte mil frå sunnmørshovudstaden Ålesund, midt mellom majestetiske Trollstigen og turistmagneten Geiranger. I det koselege sentrumet er det mange fine spisestader. (foto: Sigrid Skjerdal).

Segnomsuste kanelbollar

I Valldal er det også mange andre godt å ete - alt frå pizza til solid husmannskost. I den koselege sentrumsgata som strekker seg ned til kaiområdet finn du fleire spisestader som innbyr til stopp. Sylteormen bakeri er viden kjend for sine sagaknutar, kanelbollar, som smeltar på tunga. På kaikanten finn du Under taket, med profesjonell barista og lunsj og kaker laga av lokale råvarer. 

Plassar å få med seg: Kulå: pizza og bowling for heile familien, Gudbrandsjuvet cafè, Jordbærstova, Fjellro, Sylteormen bakeri, Meretes Garden, Under taket.

tafjordfjella.jpg

Mange likar å legge ut på vandreturar i Tafjordfjella. Her har Ålesund og Sunnmøre Turistforening stort rutenett og fleire hytter. Inngangsporten til Tafjordfjella er like ved Valldal. (foto: Sigrid Skjerdal).

Besøke hyttene i Tafjordfjella

Valldal ligg åtte mil frå sunnmørshovudstaden Ålesund, midt mellom majestetiske Trollstigen og turistmagneten Geiranger, og bygda er også siste stopp før Tafjord og Tafjordfjella med stort rutenett og populære turistforeiningshytter. Ei av dei er Reindalseter, midtpunktet i rutenettet til Ålesund og Sunnmøre Turistforening, med 76 sengeplassar. 

På vegen frå Valldal til Tafjorden ligg Kraft- og skredsenteret Ville krefter. Her kan ein lære om Tafjordulukka, prøve escaperom eller andre aktivitetar for barna. På dette senteret kan ein også melde seg på rappellering frå den hundre meter høge Zachariasdammen, som er rekna som inngangsporten til Tafjordfjella. 

Del: