Sunnmørsalpane blant Europas beste
I selskap med klassikarar som St. Moritz, Val d’Isère, Kitzbühel og Chamonix, trekkjer Magasinet Conde Nast Traveller fram Sunnmørsalpane blant dei ti beste skiresorta i Europa, og som staden for fjord-ski touring».
Det er Toby Skinner som har innlemma Sunnmørsalpane på denne høgthengande lista. Den prisvinnande redaktøren og skribenten med base i London, er spesielt kjent for sine reportasjar om gode opplevingar.
Topptur til fjorden
Skinner meiner det er kombinasjonen fjord og fjell som gjer Sunnmørsalpane unikt for toppturar. Ja, han seier det så sterkt at Sunnmørsalpane er «The one for fjord ski-touring» og held fram med at “Meditative hikes here tend to be rewarded with epic views and thrilling whooshes all the way down to the fjords.”
Unike kontrastar
Og det er klart, når ein susar avgarde i mjuk puddersnø frå kvite fjelltoppar på over 1000 meter over havet og ned til den blå fjorden langt der nede, blir opplevinga av at ein er på topptur mykje sterkare. Kontrasten frå topp til botn kan ikkje bli særleg større.
Blæja i Hjørundfjorden
Det er ikkje tilfeldig at nettopp Sunnmørsalpane hamnar på denne lista, for Skinner har vore på tur i dette området også tidlegare. I Lonely Planet-boka «The best moment of your life» har han vald å trekkje fram vinterturen til Blæja i Hjørundfjorden med splitboard som sitt beste «moment».
Populært blant nordmenn
Blæja (1420 moh.) er ein del av tindepanoramaet i Hjørundfjorden. Her finn ein også majestetar som Slogen, Saksa, Urkeegga, Skårasalen, Blåbretindene, Kvitegga, Randers Topp og Kolåstinden. Desse toppane får stadig meir besøk – frå heile landet.