Storfjord først i Norden
Som første hotell i Norden, er Storfjord Hotel på Sunnmøre handplukka til National Geographics eksklusive liste over unike overnattingsstader. Kun 63 i heile verda er med i det fasjonable selskapet.
I 2016 blei Storfjord Hotel i Skodje på Sunnmøre som det første i Norge medlem av Small Luxury Hotels of the World, ei eksklusiv samling av 520 små luksushotell i 90 land verda over. Nokre år seinare blei hotellet med utsikt mot Sunnmørsalpane handplukka og invitert inn i nok ei eksklusiv hotellsamling.
Handplukka av National Geographic
Dei færraste hotell får nokon gong ein slik invitasjon, men i 2019 vart Storfjord Hotel på Sunnmøre Nordens første, og førebels einaste medlem i samlinga av unike overnattingsstader. Sjå omtalen av Storfjord Hotel på nationalgeographiclodges.com.
– Vi er spesielt stolte over å vere ein del av National Geographics Unique Lodges of the World. Det er berre 63 hotell i heile verda som er ein del av det, og foreløpig er Storfjord Hotel det einaste i Norden, seier hotelldirektør Benthe Langeland.
Se video fra Storfjord Hotel
Strenge krav til medlemskap
Unique Lodges of the World byr på unike opplevingar den vanlege turist sjeldan får vere med på. Samlinga er etablert av National Geographic Society - ein av verdas største ideelle forskings- og utdanningsinstitusjonar - som gjennom samlinga ønskjer å fremme miljømessig og historisk bevaring.
Blant kriteria for å få vere med i samlinga er at alle medlemshotella skal vere djupt forankra i lokalmiljøet dei er ein del av, samt at hotella må forpliktet seg til ein rekkje tiltak som skal bidra til å bevare miljøet og sikre berekraftig hotelldrift.
– Alle våre leverandørar skal vere lokale, og vi skal ta hensyn til lokalmiljøet rundt oss. Vi må også produsere ein del mat sjølv - vi har mellom anna eigen biefarm - og gjere andre tiltak for å vere berekraftige. Men det syns vi eigentleg berre er morosamt og ei god utfordring, seier Langeland.
Sjeikar og kjendisar
Med høg standard og medlemskap i fleire eksklusive hotellsamlingar, er det naturleg at hotellet trekkjer til seg gjestar av den meir profilerte typen.
– Vi har hatt ganske mange profilerte gjestar på hotellet opp gjennom åra, fortel Langeland.
Blant dei mest profilerte gjestane er det kanskje Microsoft-gründer og milliardær Bill Gates som i størst grad har satt hotellet på kartet. Han og familien budde på hotellet for nokre år sidan, og leide eit av gjestehusa med seks soverom. Nokon av romma vart brukt som opphaldsrom, medan andre vart nytta som soverom.
– Då han budde her fekk vi på hotellet vårt første møte med paparazzier.
- Ein anna gong hadde vi ein sjeik som skulle bu på hotellet i ti dagar. Med seg til Storfjord hadde han eit følgje av vener, samt eigen kokk og butler som følgde han gjennom heile opphaldet på hotellet. Sjeiken var ein flott fyr på 79 år som ønskte seg fred, ro og mogelegheita til å gå i fjella. Ein av våre ansette blei følgjesven og var med sjeiken på fleire flotte turer i fjella her i området.
Tek vare på norske byggetradisjonar
Hotellbygga i Glomset er bygd i lafteverk og har torvtak. Lafting som byggjeteknikk har vore i bruk i Norge heilt sidan vikingtida, og då hotellet skulle byggjast var det viktig å ta vare på desse gamle norske byggetradisjonane, for å kunne vise gjestane korleis hus vart bygd i Norge før i tida.
– Dette er noko mange av dei utanlandske gjestane som kjem til hotellet set stor pris på. Mange av dei lurer også på kvifor hotellet er bygd slik, og då får vi anledning til å gi dei eit innblikk i norsk kultur, historie og dei norske byggetradisjonane, fortel Langeland.
Suiter i stein og treverk
Storfjord Hotel er satt saman av fire bygningar. Hovudbygninga rommar funksjonar som restaurant, bar, kurs- og konferanserom, nokon hotellrom, resepsjon og flotte fellesareal der gjestane kan finne roa. Dei andre gjestehusa består av hotellrom og suitar i ulike variantar.
– Junior- og cornersuitane her på hotellet er av en fantastisk kvalitet og interiøret er basert på lokale designelement som skifer og treverk produsert av lokale leverandørar. Samstundes er dei ulike romma i gjestehusa individuelt tilpassa og gjestehusa er tilpassa slik at ein familie gjerne kan leie eit heilt hus, eller ein suite med tilhøyrande rom, seier Langeland.
Ein destinasjon i seg sjølv
På Storfjord Hotel blir gjestane behandla som om dei bur på eit femstjerners hotell i utlandet. Her står dei tilsette på pinne for å ta vare på gjestane og gjere hotellopphaldet så fantastisk som mogeleg - og for å skape eit hotell som oppfattast som ein destinasjon i seg sjølv.
– Det er sjølvsagt draumen, å utvikle Storfjord Hotel til å bli ein destinasjon i seg sjølv, slik at folk vel å komme tilbake hit for å kunne bu på hotellet. Det opplever vi også at det byrjar å bli - noko som er veldig stas, seier Langeland.
62°Nord
Storfjord Hotel er eigd av reiseselskapet 62°Nord, som også eig Hotel Brosundet i jugendstilbyen Ålesund og Hotel Union Øye innerst i Nordangsfjorden.
I dag har hotellet 25 tilsette, og er ope for gjestar heile året. Felles for dei mange norske og utanlandske gjestane er det at dei kjem til Storfjord og Glomset for å oppleve naturen i området, freden og roa og sjølvsagt hotellet i seg sjølv.
Byvandring, helikoptertur og lokalmat
Sjølv om ikkje alle gjestane på Storfjord Hotel kan reknast som kjendisar, har dei alle til felles at dei er kvalitetsbevisste og ønskjer å oppleve naturen på Sunnmøre. Dei fleste av gjestane bur på hotellet i fire-fem dagar og mange nyttar seg av fleire av hotella i hotellporteføljen til 62°Nord på Sunnmøre. Under opphaldet på Storfjord Hotel kan gjestane velgje mellom ei rekkje aktivitetar og opplevingar i nærområdet.
Blant anna kan du under eit opphald på hotellet delta på mellom anna kajakkpadling, guidede fjellturar, besøk på lokalmatfarmen Nonsvik Gård og byvandring i Ålesund. Kjende turistattraksjonar som Geirangerfjorden, Atlanterhavsvegen og Trollstigen ligg berre eit par timars kjøretur frå hotellet. I tillegg tilbyr hotellet helikopterturar og helikopterskyss med Storfjords egen helikopterkaptein "Captain Tom" til og frå flyplassen.
– På lokalmatfarmen Nonsvik Gård får gjestane våre oppleve korleis folk levde i Norge for hundre år sidan. All maten der blir fiska, dyrka og jakta her i området, og medan maten blir forberedt og tilberedt blir gjestane fortalt om livet på garden. Dette er eit veldig populært tilbod, fortel Langeland.
Les mer
-
Toppturfolkets favoritter
ÅPEN -
Jugendstilbyen på Vestlandet
MEDLEM -
Byen med fire land
ÅPEN -
En fredfull førjulstid
ÅPEN -
Barnas Møre og Romsdal
ÅPEN -
Besøk Norges råeste filmkulisser
ÅPEN -
Med hengekøye i Møre og Romsdal
ÅPEN -
Opplev den fargerike byen med fire land
ÅPEN -
Å jazze, jazzer, har jazzet
ÅPEN -
Spektakulær fossevandring
ÅPEN -
Besøk verdens mest berømte fjordgård
ÅPEN -
Ekte gullskatter og hekkende lundefugler
ÅPEN -
Seil på Sunnmøre
ÅPEN -
Ligger 14 kilometer ut i havet
ÅPEN -
Nyt livet ved sjøfronten
ÅPEN -
Bygdeperler på en snor
ÅPEN -
Besøk verdens tetteste havørnbestand
MEDLEM -
Europas lengste one-drop rappellering
MEDLEM -
- En helt spesiell opplevelse
ÅPEN -
Opplev familiebyen Molde
ÅPEN -
Møt Bamse-Brita, rampen Oliver og Linus Martinus
ÅPEN -
Kongen av Romsdalen
ÅPEN -
Venninneweekend i Molde
ÅPEN -
Er du like sprek som “Norges tøffeste kjendis”?
ÅPEN -
Verdens eldste kollektivtilbud
ÅPEN -
Badeglede i sentrum
ÅPEN -
Urban frikjøring og Norges beste barnebakke
ÅPEN -
Sunnmørsalpane blant Europas beste
ÅPEN -
Pudder med fjordutsikt
ÅPEN -
Mat i verdensklasse
ÅPEN
Dersom du har meir lyst til å fange og samle din eigen mat tilbyr hotellet også lokalmatsanking med aktivitetsselskapet Offbeat Adventures.
- Offbeat Adventures kan for eksempel ta med seg nokon av våre gjestar på lokalmatsanking. Først tok dei med seg gjestane ut for å sanke sopp og bær i naturen, før dei gjekk ned til sjøen der det vart laga fiskesuppe og soppstuing over åpen eld. Tilbakemeldinga frå gjestane er som regel "this was amazing", smiler Langeland.
Tilbake på hotellet er det derimot ro og avslapping som gjeld, etter ein lang dag med store opplevingar i den sunnmørske naturen.